Nye tekstavsnitt i Bibelen

Den nye bibelutgåva som blir lansert i morgon, har faktisk nokre små tekstavsnitt som er heilt nye i norske biblar. Dei er henta frå Dødehavsrullane og er så godt stadfesta at Bibelselskapet har tatt dei inn i bibelteksten. Dei aktuelle tekstavsnitta er sjølvsagt merka så me som er lesarar kan vita samanhengen.

Her er eit utdrag frå artikkelen Ein hjartevenleg bibel i Vårt Land (papirutgåva 15.10.2011), der bibelomsetjar Elisabeth Levy uttaler seg:

Eitt av dei interessante aspekta ved den nye omsettinga er at ein har funne bibeltekst i Qumran som har mangla i dei andre grunntekstane. Såleis finst det nokre vers ekstra i 2011-utgåva av til dømes Salmane og Samuelsbøkene. I Salme 145 er det komme inn eit ekstra vers om at Herren er påliteleg i alt han seier og trufast i alt han gjer. Og i 1. Samuelsbok 10 er det  komme inn ei kort og brutal forteljing om kongen over ammonittane, som stikk ut det høgre auget på israelittane.

Då Bibelselskapet skulle byrje på omsettinga av Samuelsbøkene, fekk dei raudt lys så og seie direkte frå Jerusalem. Det vil seie frå Torleif Elgvin, som sit i Qumran-gruppa i Israel: Omsettarane burde venta til Qumran-versjonen av Samuelsrullen (4QSam frå 1. hundreåret f. Kr.) var offentleggjort i 2005, og ikkje berre gå ut frå den såkalla Leningrad-kodeksen frå det 11. hundreåret.

– Det ville vore synd dersom vi ikkje hadde tatt Qumran-skriftet med i omsettingsarbeidet. Det er så godt stadfest av andre kjelder at vi tok det inn. Dermed er det kome inn litt ny bibeltekst som ikkje har stått tidlegare i norske biblar, seier Levy.

Dei nye tekstavsnitta er godt merka i bibelteksten, og det blir forklart i fotnotene kvifor dei er tekne inn. God merking er det også for såkalla alfabet-salmar. Her er dei 22 hebraiske bokstavane plasserte i margen til venstre. Salme 119 består til dømes av åtte vers per bokstav i det hebraiske alfabetet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: