Yom Kippur i Jerusalem

Det er Yom Kippur i dag (07.10.2011), den store forsoningsdagen i jødisk tradisjon. Eg er i Jerusalem og syns det er interessant å oppleva denne viktige jødiske heilagdagen her i byen.

Yom Kippur varer frå fredag kveld til laurdag kveld. Nå fredag kveld har eg vore ute og gått i gatene og opplevd den spesielle stemninga. Det er heilt stilt, ingen trafikk. Alle butikkar og restaurantar er stengt. Folk nyter å kunna gå midt i gata, sjølv i det som til vanleg er dei mest trafikkerte hovudgatene.

Hovudsynagogen i Jerusalem ligg like i nærleiken. Det var spennande å vera der og sjå då festkledde jødar kom ut frå gudstenesta i kveld.

Den store forsoningsdagen har bakgrunn i 3. Mosebok kapittel 16. Denne dagen blei i gamaltestamentleg tid feira med at øvstepresten gjekk inn i det aller heilagste i tempelet i Jerusalem og bar fram spesielle offer. Sjølv om jødane ikkje har tempel lenger, betyr den årlege forsoningsdagen mykje. Den er framleis ein fastedag og ein bønedag.

Hotellet der eg bur, hadde lagt eit informasjonsskriv på alle romma i dag. Der forklarte dei bakgrunnen for at dei har redusert bemanning dette døgnet. Hotellet forklarar også gjestane bakgrunnen for dagen:

Yom Kippur is the holiest day of the year –  the day on which we are closest to god and to the quintessence of our own souls. The Day of Atonement – “For on this day He will forgive you, to purify you, that you be clansed from all your sin befor God” (Leviticus 16:30).

For twnty-six hours – from several minutes before sunset on October 7th to after nightfall on October 8th we “afflict our souls”: we abstain from food and drink, do not wash or anoint our bodies, do not wear leather footwear, and abstain fron marital relations.”

For meg som kristen, er det viktig at Gud ved Jesu død og oppstode har skapt eit heilt nytt forhold mellom Gud og menneske. Han har forsona oss med seg sjølv og har gjeve oss forsoningstenesta (2. kor 5,18 ff). Me treng ikkje lenger ein årleg forsoningsdag; vegen fram til Gud er open kvar dag gjennom trua på Jesus.

Hebrearbrevet handlar i stor grad om dette; om Jesus som den store øvstepresten som avløyser den gamle offertenesta. Han gav livet sitt som eit offer éin gong for alle (Hebr 4,14-10,18).

I morgon, framleis på Yom Kippur, skal eg gå til staden der dette skjedde; Golgata og Jesu grav. Desse stadane finn me i dag i Gravkyrkja inne i Gamlebyen her i Jerusalem. Seinare på dagen skal eg gå til Gravhagen, der engelske kristne har skapt ein flott andaktsstad som kan minna oss om Jesu soningsdød. Der skal eg feira Jesu oppstode i nattverdfellesskapet med reisefølget mitt. Det ser eg fram til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: