Ny nynorsk rettskriving

Denne veka er det godkjent eit nytt rettskrivingssystem i nynorsk, melder Kulturdepartementet.

Kulturdepartementet har i dag godkjent framlegget frå styret i Språkrådet om ny rettskriving for nynorsk

(…)

– Det viktigaste nye er at systemet med valfrie former blir enklare ved at omfanget av slike former no blir likt for alle. Det skjer ved at ein avskaffar sideformene, dei formene som i dag står i skarpe klammer i ordbøkene, og som ikkje er tillatne i lærebøker til bruk i skulen og i statlege dokument. Tilsvarande systemendring vart gjort i bokmål i 2005, og no kjem altså nynorsken etter, fortel Anniken Huitfeldt.

I det nye systemet går mange sideformer ut av rettskrivinga, men mange blir også oppgraderte til fullverdige valfrie former som kan brukast av alle. Samla sett inneber dette at valfridommen blir noko større for statstilsette og lærebokforfattarar, men noko mindre for alle andre. Det er også gjort andre systemforenklingar og justeringar som vonleg vil gjere det lettare å skrive nynorsk også for dei mange usikre språkbrukarane og dei som har nynorsk som sidemål.

Les meir

Framtida skreiv om dette på eit tidlegare stadium i prosessen, og framheva blant anna ordet dokker:

Seier ja til «dokker»

Både «skole» og «skule» bør kunne skrivast på nynorsk. Det bør også bli høve til å skrive «kjem dokker?» i tillegg til «kjem de?», men i-målet bør gå ut av den offisielle rettskrivinga. Det føreslår Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk i den innstillinga dei i dag overrekte til styret i Språkrådet.

– Vi vonar og trur at breie lag av nynorskbrukarar vil kjenne seg heime i den nye rettskrivingsnorma, seier nemndleiar Grete Riise.

Så vidt eg forstår, er det desse reglane som nå er godkjende.  For meg vil det nok falla naturleg å kunna skriva dokker. Det er jo det eg seier!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: