Montefiore om Jerusalem

Den kjente biografen Simon Sebag Montefiore har skrive biografi om Jerusalem.

Gå til boka.

Dag og Tid skriv i dag:

Historia om Jerusalem er eit stykke verdshistorie, meiner Montefiore, som er i Oslo denne veka for å lansere den siste boka si, som ber den ambisiøse tittelen Jerusalem. Biografien.

– Det er ein ambisiøs tittel, og det er ei ambisiøs bok, seier 46-åringen.

– Eg ville skrive ein ny type historie som tek utgangspunkt i personane som skapte byen, ikkje i arkitekturen og bygning­ane, noko som så ofte er tilfellet, kanskje særleg i Jerusalem. Eg skriv alltid bøker for meg sjølv, først og fremst. Dette er boka om Jerusalem som eg alltid har hatt lyst til å lese.

Resultatet er eit kompakt verk på over seks hundre sider som guidar lesaren gjennom tre tusen år med krig, øydelegging, herjing, plyndring, massakrar og valdtekter, sinnssjuke despotar og intrigante elskarinner, men me vert samstundes kjende med briljante leiarar og eventyrlege einskildlagnader, i tillegg til ukjende sider ved kjende historiske personar. Visste du til dømes at kong Herodes farga håret?

– Eg ville skrive ei bok som er tilgjengeleg for alle. Samstundes skulle ho innehalde alle fakta, alle namn, alt som høyrer med når ein skriv om verdas religiøse hovudstad. Eg ville dessutan ha med alt det forfattarar og historikarar aldri skriv om når dei skriv om Jerusalem, nemleg kvinner, sex, mat, poesi og musikk. Jerusalems historie er full av alt dette.

– Det var tre årsaker til at eg ville skrive om Jerusalem, fortel Montefiore, som frå før er mest kjend som forfattar av Den unge Stalin og Stalin. Den røde tsarens hoff, attåt biografien om Potemkin og Katarina den store.

– Eg er sjølv jøde og har eit sterkt forhold til byen, især til Klagemuren, som er ein heilag stad for meg. Dessutan har Montefiore-familien sterk tilknyting til byen, eg har sjølv besøkt Jerusalem frå eg var tre år, kanskje yngre; familiemottoet vårt er «Jerusalem!». Sist, men ikkje minst så må Jerusalem vere den mest interessante byen i verda for ein historikar.

(Les meir)

Oppdatering 10.12.2011: Todd Leopold (CNN) skriv om boka på Belief Blog

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: