Bibelsk i media

– Vi har lenge brukt skjønnlitterære forfattere som lesere, men dette er første gang de har vært med inne ved høvelbenken. Og forfatterne er nokså samstemte i at det oppsto et kreativt rom mellom grunnspråkseksperter og teologer og stilister, altså forfatterne selv, sier Aschim.

Det er Anders Aschim frå Den Norske Bibelselskapet som seier dette til Morgenbladet. Artikkelsamlinga Bibelsk som kom denne veka, har ført til mange oppslag i media. Det vekkjer oppsikt at forfattarar som Knausgård og Haugen har vore med i prosessen fram mot den nye bibelomsetjinga som vil bli lansert i oktober. “Forfatterne som har vært med på å forme vårt nye bibelspråk, gløder av begeistring”, skriv Vårt Land. Men oppslaga viser også at det har vore frustrasjon i prosessen. Det er vel eigentleg ikkje så unaturleg?

Eg er blant dei som gleder meg til Bibel 2011 blir lansert seinare denne hausten. Eg er tydelegvis ikkje åleine. Då eg denne veka var innom ein av dei største bokhandlarane i Oslo for å kjøpa boka Bibelsk, fekk eg høyra at den var utsolgt same dag som den kom til butikken!

Her er eksempel på tre interessante medieoppslag frå denne veka:

Klassekampen: Å lese korrektur på Gud
Norske skjønnlitterære forfattere har for første gang bidratt til en ny oversettelse av Bibelen. Men hvordan kan man redigere Guds ord?

Vårt Land: De nye gudsordene
Forfatterne som har vært med på å forme vårt nye bibelspråk, gløder av begeistring.

Morgenbladet: Ja, så var Bibelen i trykken!
Når Gud skal snakke norsk, i 2011, kreves det mye komitéarbeid. De fineste forfattere ble invitert inn som stilister, men over dem sitter et utvalg. Og over utvalget sitter et styre. Så flere forfattere trakk seg i frustrasjon.

Dei tre artiklane er faktisk relativt like i si interesse for bibelomsetjinga, sjølv om dei heilt opplagt har kvar sin profil. Legg for eksempel merke til at Morgenbladet, som ikkje uventa framhever frustrasjonane til nokre av forfattarane, likevel lar Hans-Olav Mørk og Anders Aschim frå Bibelselskapet koma tydeleg til orde med sine erfaringar og tankar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: