Evangelisten Matteus

Matteus – den skriftlærde jøden med sans for kyrkja

Det står ikkje noko i Bibelen om kven som er forfattar av Matteusevangeliet. Men det finst ein gamal tradisjon i kyrkja som knyter evangeliet til disippelen Matteus, tollaren frå Kapernaum (9,9). Derfor har evangeliet heilt frå det 2. hundreår blitt kalla ”Evangeliet etter Matteus”. I dag meiner dei fleste forskarar at det er lite sannsynleg at denne disippelen skreiv evangeliet. Eg omtalar likevel evangelisten som Matteus, sjølv om me ikkje veit sikkert kven han var.

Nå i helga hadde eg eit innlegg om evangelisten Matteus på ei temagudsteneste i Bryne kyrkje. Gudstenesta var den første av fire som tar for seg evangelistane og deira vitnemål om Jesus. Overskrifta over gudstenesta var Matteus – den skriftlærde jøden med sans for kyrkja. “Bestillinga” frå gudstenesteutvalet var å seia noko om kva som er særpreget ved Matteusevangeliet. Dessutan noko om den utfordringa til medarbeidarskap som me finn i dette evangeliet. Her er ein skriftleg versjon av talen. Bibeltilvisingane som berre inneheld tal, viser til Matteusevangeliet.

Kom, sa Jesus. ”Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar.” Det sa Jesus då han kalla sine første disiplar, i følgje Matteusevangeliet (4,19).

Gå, sa Jesus. ”Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar.” Det var det siste Jesus sa før himmelfarten, óg det i følgje Matteusevangeliet (28,19).

Matteus var opptatt av at det å følgja Jesus og det å vera sendt av Jesus, er to sider av same sak. Det dreier seg om å høyra til i Jesu kyrkje, den kyrkja som Jesus ville byggja.

Det første og viktigaste som eg vil peika på som typisk for Matteus, er at han er svært godt kjent med Det gamle testamentet.

Det kan me blant anna sjå av koss han gjennom heile evangeliet bevisst vil visa lesaren at det som skjer i Jesu liv, var ei oppfylling av løfter som Gud hadde gitt gjennom profetane i GT.

Allereie i opninga av evangeliet, viser han oss dette: Jesus er den Messias (Kristus) som er omtalt i løftene i GT (1,1). Han høyrer heime i jødisk tradisjon og har røter som går tilbake til David og Abraham.

For å underbygga at Jesus er Messias, utvikla Matteus ei spesiell form for sitat frå GT, det me kallar oppfyllingssitat eller refleksjonssitat.

Eg vil gje eit par eksempel, – evangeliet inneheld mange fleire:

  • Ein engel fortel Josef om Jesus før fødselen: 1,18-23. Merk vers 22: ”Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten …”
  • Ved starten av Jesu offentlege verksemd, fortel Matteus at Jesus flyttar frå Nasaret til Kapernaum ved Gennesaretsjøen: 4,12ff. Merk vers 14: ”Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaia …”

Ei anna sak som seier oss noko om Matteus og hans forhold til GT, har med språk å gjera.

Matteusevangeliet er skrive på gresk, dei lærde seier til og med at evangeliet er skrive på god gresk. I det første hundreåret fanst GT på to språk; Den hebraiske bibelen og den greske omsetjinga, Septuaginta. Sjølv om Matteusevangeliet har blitt til i eit greskspråkleg miljø, siterer evangelisten normalt frå den hebraiske teksten når han siterer frå GT. Dette til forskjell frå Lukas, som normalt siterer frå Septuaginta.

Det finst faktisk óg ein teori om at Matteus-evangeliet først blei skrive på hebraisk (eller arameisk), og ikkje på gresk som resten av NT. Bakgrunnen er ein tekst frå ca 130 e. Kr., den same teksten som knyter evangeliet til disippelen Matteus. Biskop Papias i Hieropolis (dagens Pamukkale i Tyrkia) skreiv at disippelen Matteus nedteikna Jesu ord på hebraisk. Men det er usikkert om dette viser til det evangeliet me kjenner, eller til ei tidlegare samling Jesusord.

Måten evangelisten Matteus brukar GT på, gjer at me kan kalla han “ein jødisk teolog”. I dag ville ein Jesustruande jøde kanskje seia “ein messiansk teolog”. Eller med eit uttrykk me kjenner frå Jesu tid, rett og slett “ein skriftlærd”.

Me er vant med at ordet skriftlærd blir brukt i negativ omtale av Jesu fiendar, for eksempel i uttrykket ”dei skriftlærde og farisearane” (sjå f eks 5,20). Derfor er det spesielt å leggja merke til at ordet faktisk også er brukt i positiv samanheng hos Matteus (13,52 og 23,34). Nokre har peika på at me i 13,52 kanskje til og med finn eit diskret “visittkort” etter forfattaren, i eit uttrykk som er spesielt for dette evangeliet:

… kvar skriftlærd som har fått opplæring om himmelriket, (er) lik ein husherre som hentar fram nytt og gammalt av det han har samla.

Ordrett står det på gresk noko slikt som: ”kvar skriftlærd som er blitt gjort til disippel for himmelriket”.

Dei skriftlærde var på Jesu tid ei gruppe lærarar som hadde ansvar for å leggja ut lova i det jødiske samfunnet. Dei blei kalla “rabbi”. Dei levde ikkje av å vera skriftlærde, men hadde eit handverk ved sidan av. Eg har lese at dei fleste skriftlærde truleg var farisearar, men at ikkje alle farisearar var skriftlærde.

Det er slett ikkje sikkert at evangelisten nokon gong blei rekna som ein skriftlærd. Men det er ingen tvil om at han var ein jøde som kjente skriftene i GT svært godt og som var opptatt av å visa den nære samanhengen mellom løfta i GT og historia om Jesus.

Enda eit trekk som viser kor forankra Matteus var i ein jødisk, for ikkje å seia rabbinsk tankegang: Der dei andre evangelistane gjengir Jesu forkynning om Guds rike, omskriv Matteus dette med himmelriket. Dette viser ei særleg pietetsfull haldning til jødiske tradisjonar, der ein var forsiktig med å uttala Guds namn og heller brukte ulike omskrivingar.

Ein annan ting som skil Matteus frå dei andre evangelistane, er at han skriv om kyrkja og kyrkjelyden.

Når han gjer det brukar han ordet ekklesia, som ikkje er brukt av dei andre evangelistane. I den viktigaste teksten (16,18) peiker Jesus på Peter som den første kristne leiaren: ”Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje.” (Ordspel på gresk: Petros – he petra).

Heilskapen i evangeliet viser at det er blitt til i ein kyrkjelyd som bestod av menneske med jødisk og ikkje-jødisk bakgrunn, altså ein stad der det nye Gudsfolket levde i trua på Jesus som Messias.

Dei fleste forskarar vil seia at evangeliet truleg blei til i Antiokia på slutten av det første hundreåret. Antiokia var ein viktig by i den første kyrkja. Her blei dei Jesustruande for første gong kalla kristne (Apg 11,26) . Kyrkjelyden bestod av menneske med jødisk og ikkje-jødisk bakgrunn, og den var også eit miljø med brytningar mellom jødisk og ikkje-jødisk Jesustru.

Den skriftlærde Matteus var på mange måtar ein redaktør då han skreiv sitt evangelium. Forskarane meiner likevel at evangelia ikkje blei til ved eit skrivebord, men ved levd liv i forkynning og undervisning med fokus på Jesus.

Når me ser på Matteus som redaktør, kan me sjå fleire særtrekk ved han. For eksempel desse:

  • Evangeliet har ein formanande / oppmuntrande vinkling både på taler, likningar og fortellingsstoff
  • Evangeliet er redigert slik at fem lange talar (f eks Bergpreika) vekslar med forteljingsstoff gjennom heile Matteusevangeliet
  • Det universelle perspektivet (vismennene i Matt 2 og misjonsbefalinga i Matt 28)

Matteus formidlar at Jesus ville ha ei kyrkje av medarbeidarar.

Å vera medarbeidar i Jesu kyrkje er å følgja Jesus og å vera sendt av han. Dette var Matteus opptatt av. Det gjeld for oss alle, for vanlege menneske som deg og meg. Måten Jesus ville bruka Peter på som medarbeidar, gjer dette tydeleg. Matteus viser oss den store spennvidda i Peter sitt liv som disippel. Han fortel at Peter var fjellet som Jesus ville byggja kyrkja på, like før Jesus blei nøytt til å seia til Peter: ”Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall.” (16,18 og 16,23).

Eit eksempel på koss Matteus framheva etterfølginga, er forteljinga om då Jesus gjekk på vatnet.

Markus 6,45 ff fortel historia om då Jesus kom gåande på vatnet midt på natta og om kor redde disiplane blei. Så kom Jesus opp i båten til dei, og vinden stilna.

Når Mattus etterpå tar med denne historia, tar han med eit tillegg; at Peter óg ville gå på vatnet (14,28 ff). Også då sa Jesus: Kom! Og Peter gjekk ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, blei han redd og tok til å synka. Peter fekk erfara noko om å følgja Jesus på hans ord, og han vekk erfara at trua sine motkrefter nok ein gong øydela for han.

Jesu ord om etterfølging og om å vera sendt, er viktige for oss som i dag er hans kyrkje. Matteus hjelper oss som kristne til å ha rett fokus: Jesus!

Me får hjelp til å tolka sendinga med vår tids ord og vår tids forståing i Stavanger bispedømme sin nye strategi for perioden 2011-2014:

Vi er sendt av den treeinige Gud for å dela evangeliet om Jesus Kristus i ord og handling.

Dette er uttrykk for ei ny økumenisk misjonstenking, jfr Lausannebevegelsen sitt store møte i Cape Town hausten 2010 der dette var heilt sentralt. Me er ein del av Guds misjon på jorda. Me har eit oppdrag. Me er sendt av han. Misjon er ikkje noko me driv, det er noko Gud driv. For oss gjeld det å melda oss på det Gud gjer!

Denne tankegangen er sterkt forankra i Matteusevangeliet. Kyrkja er Jesu kyrkje som han byggjer. Misjonsbefalinga viser oss i klartekst at me er sendt, med eit oppdrag.

Den enkelte av oss har del i denne sendinga. Å vera disippel er å vera med i Guds store misjon i verda; å gjera alle folkeslag til disiplar. Det gjeld folk i lokalmiljøet vårt og det gjeld folk i alle andre delar av verda.

Eg har óg lyst å peika på at Matteus utfordrar oss spesielt på det som er vårt misjonsprosjekt i Bryne kyrkjelyd; å driva misjon blant jødar. Oppfyllingssitata / refleksjonssitata i Matteusevangeliet minner oss om dette spesielle ansvaret: Jesus er den Messias som GT handlar om. Dette er eit viktig bodskap å gje tilbake til det jødiske folket. Return to sender! Det er flott at Bryne kyrkjelyd er med på dette!

Kom, sa Jesus. ”Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar.” Gå, sa Jesus. ”Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar.”

Då Matteus skreiv evangeliet, var han opptatt av å få fram at det å følgja Jesus og det å vera sendt av Jesus, er to sider av same sak. Det dreier seg om å høyra til i Jesu kyrkje. Det gjeld óg for oss!

La oss derfor lytta til denne skriftlærde jøden med sans for kyrkja, lytta til hans utfordringar og oppmuntringar til å leva i teneste, til å følgja Jesus og til å la seg senda av Jesus.

2 svar til Evangelisten Matteus

  1. […] også det tidlegare bloggnotatet Evangelisten Matteus. Share this:FacebookLik dette:LikVer den fyrste til å like dette […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: