Beduinleiren Kfar Hanokdim

Ferieturen vår inneheldt blant anna eit besøk i Kfar Hanokdim i Judaørkenen. Her fekk me oppleva den gjestfrie beduin-kulturen. Me fekk god mat, var med på kameltur i ørkenen og budde i spesialdesigna “beduinhytter”.

Rundt leiren var det ørken så langt auga kunne sjå i alle retningar. Judaørkenen er ein fjellørken som ligg vest for Dødehavet. Kfar Hanokdim ligg ved vegen som går frå Arad i retning Masada.

Inne i leiren var det flott med palmar og blomstrande buskar og trær, mange store og små telt og hytter, – og mange kamelar, esel og hestar.

Her ligg eg og slappar av i hengekøya utanfor hytta vår. Hyttene me budde i, var bygd opp dels av faste veggar og dels av tjukke vevde teppe:

Kfar Hanokdim’s Designed Lodges (Sukkoths)
The village’s most recent additions are uniquely designed lodges (Sukkoths) made with thick woolen sides and doors with decked wooden floors, futon style beds, coffee facilicy and a comfortably seated patio. Situated on top of the Sukkah is a veranda from which you can feast your eyes of the desert view and enjoy the lucid air. The great advantage of the lodge is that it combines the desert sleeping arrangements with privacy. The Sukkah holds up to eight occupants.

Beduinane er eit arabisk folk som tradisjonelt levde som nomadar i ørkenen. I dag er nok dei fleste meir eller mindre bufaste, men mange lever framleis i ørkenen.

Kamelane er nokre spesielle dyr. Det er herleg å sitja på kamelryggen og kjenna den rolige bevegelsen, – i alle høve for ei stund! Me tok mange kamel-bilete. Dette var kanskje eit av dei meir spesielle. Her er kamelane ivrig opptatt av fôringa. (Foto: Inger)

Då me reiste frå Kfar Hanokdim, hadde me med oss mange gode opplevingar (og ein del myggstikk).

Sjå Kfar Hanokdim si nettside her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: