Notat til søndagens tekst: Ef 3,14-21
Eg syns teksten som er preiketekst komande søndag (29. mai 2011), er ein flott tekst som seier meg noko om kor god Gud er og kor mykje han har å gje oss menneske.
I dag vil eg peika på tekstgjennomgangen til denne teksten på Israelsmisjonen sin preikeverkstad. Her har min gode venn Paul Odland skrive om teksten og om samanhengen i Efesarbrevet. Paul skal forresten snart begynna å arbeida som misjonssekretær på Israelsmisjonen sitt kontor i Stavanger. Det ser eg fram til!
Og her er teksten frå Efesarbrevet:
14 Difor bøyer eg mine kne for Far,
15 han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.
16 Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.17 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua,
og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.18 Må de saman med alle dei heilage
få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,19 ja, kjenna Kristi kjærleik som er større enn nokon kan forstå.
Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!20 Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,21 han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus
gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.