Det Paulus hadde motteke

God påske! 

Kort tid etter oppstoda blei det formulert eit fast formular eller ei forteljing om det sentrale i påskebodskapen og om kven den oppstadne Jesus hadde vist seg for.

Dette overtok Paulus og gjorde til sitt, og han lærte det vidare til dei nystarta kyrkjelydane rundt omkring i Romarriket:

Paulus skriv: For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke,

at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt,
at han vart gravlagd,
at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt,
og at han viste seg for Kefas og deretter for dei tolv.
Så viste han seg for meir enn fem hundre truande sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre har sovna inn. Sidan viste han seg for Jakob, så for alle apostlane. Og aller sist viste han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster. For eg er den minste av apostlane; eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfølgt Guds kyrkje.

(1. kor 15,3-9)

Det mangfaldige vitnesbyrdet frå mange forskjellige menneske som etterkvart fekk møta den oppstadne Jesus, var eit viktig argument for trua på oppstoda for dei første kristne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: