Egyptiske kulturskattar i fare

Det viktige Museum of Egyptian Antiquities ligg like ved Tahrir-plassen i Kairo. Eg har vore der. Det var fascinerande å sjå utstillingane over den gamle egyptiske kulturarven.

Det er i desse dagar god grunn til bekymring for kulturskattane som museet har ansvar for. Det har allereie vore innbrot. Og nabobygningar er sette i brann. Det er å håpa at dei som kjempar for fridom og dei som skapar kaos i ly av demonstrasjonane (eg er mest redd dei siste), held seg unna museet med skattar som heile verda har eit forhold til.

Egyptian Museum si nettside er ikkje tilgjengeleg (internett er p.t. stengt i Egypt), men du kan lesa om museet f eks på Wikipedia.

Situasjonen for historiske kulturskattar er uoversiktleg i heile Egypt. Det gjeld ikkje bare på Tahrir-plassen. Bloggen Egyptology News gir oppdatert informasjon.

Bloggen til Zahi Hawass har litt lenger artiklar med relativt optimistisk informasjon. Han sit i ein offisiell posisjon som ansvarleg for forvaltinga av kulturskattane. Eg håper han har rett når han skriv:

I would like the people of the world to know that today all of the Egyptian monuments are safe. All the archaeological sites in Aswan, such as the Temple of Philae, the Unfinished Obelisk, the Island of Kalabsha, the Tombs of the Nomarchs, and Elephantine Island are completely safe. The temples of Edfu and Kom Ombo are also safe. All of the tombs in the Valley of the Kings, Valley of the Queens, Tombs of the Nobles, and the temples of Luxor and Karnak are safe. The temples of Dendera, Abydos, the sites in Akhmim, and all sites in Middle Egypt, such as Tuna el-Gebel, Amarna, and Beni Hasan, are safe. All sites in Alexandria are safe. All the mosques, synagogues, and monasteries are safe; nothing has happened to any of them.

Midt i denne tankegangen må eg jo også ta med dette poenget: Den verkeleg store uroen gjeld sjølvsagt menneska i Egypt. Eg håper at moderate krefter som vil ha fridom (også religionsfridom!) og demokrati blir ståande som vinnarar i det som skjer nå. Men eg er langt frå sikker på at dette blir utfallet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: