Dramatikk ved Anafora

Det koptiske senteret Anafora er til vanleg ein fredeleg stad. I helga opplevde også dei som bur og arbeider der, at uroen kom heilt inn på livet.

Det er sjølvsagt dei dramatiske hendingane i Kairo og andre byar som først og fremst får omtale i norske aviser i desse dagar. Det er naturleg, for her skjer det ein viktig kamp for folket sin fridom.

Eg tar likevel med ei lenke til eit oppslag om at uroen laurdag nådde Anafora, fordi eg er opptatt av dette kristne senteret og fordi den koptiske biskop Thomas her kjem til orde og kommenterer utviklinga.

Sjå også tidlegare omtale av Anafora her på bloggen.

Her er eit utdrag frå oppslaget i Vårt Land:

Truga kristen retreat-stad

Då fangane i egyptiske fengsel vart sleppte fri laurdag, vart også den koptiske retreat- og konferansestaden Anafora truga av fangar på rømmen. Frå eit fengsel like ved kom ei gruppe fangar mot Anafora.

– Vi samla det som var av arbeidarar for å vise styrke. Fangane gav opp og vart borte. Heldigvis vart det ikkje vald, og heldigvis vart ingen skadde, seier den koptiske biskopen Thomas til Vårt Land. Anafora som er bygt opp av biskop Thomas, ligg langs hovudvegen mellom Kairo og Alexandria.

Han er fortvilt over at det som starta som demonstrasjonar med krav om fridom i Egypt, med eit slag vart gjort om til anarki og kaos då fengselsportane over heile landet vart opna og fangane kunne rømme.

Les meir

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: