Jesus stiller stormen

Notat til søndagens tekst: Matteus 8,23-27

Sjølv om Gennesaretsjøen ikkje er så stor, kan det raskt koma kraftig vind der. Eg har sjølv opplevd dette naturfenomenet utpå sjøen.

Matteus kjenner Markus si historie (Markus 4,35-41), men gjer den kortare og fokuserer på etterfølginga (v 23), sjå samanhengen han har plassert forteljinga i (v 18-22).

Teksten om då Jesus stilte stormen, handlar konkret om eit naturunder. Likevel har alltid kyrkja forstått det slik at teksten også har ei overført tyding. Kyrkja er eit skip. Jesus er ombord. Den som følgjer Jesus vil oppleva at det stormar i livet.  Jesus kan hjelpa. Disiplane var redde. Dei ropte: Herre, frels! Ei bøn som minnar om vår liturgiske bøn Kyrie eleison.

Jødisk bakgrunn for teksten: Både i GT og i andre jødiske tekstar er havet/sjøen symbol for kaosmaktene. Jesus viser her at han har makta over kaos/det vonde. Me finn den same symbolikken knytt til havet i Op 21,1 i omtalen av den nye himmel og den nye jord. Her står det at “havet var ikkje meir”. Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje er vatn på den nyskapte jorda, men at kaosmaktene er borte.

(Til Markus-varianten av teksten; sjå notatet Evangelisten Markus).

Èitt svar til Jesus stiller stormen

  1. […] Jesus stiller stormen […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: