Jesu dåp i Jordanelva

Notat til søndagens tekst: Matt 3,13-17 / Mark 1,3-11

Jesus blei døypt i Jordanelva av Døyparen Johannes.

Men kvar skjedde det? Det er i det minste tre ulike stadar som blir rekna som Jesu dåpsstad.

Eg har tidlegare skrive om Betania på andre sida av Jordan (i Jordan).

Eg har ikkje nemnt Yardenit (biletet), etter mitt skjøn ein relativt uinteressant stad som ligg på den israelske sida like sør for Gennesaretsjøen.

Om kort tid opnar ein tredje dåpsstad; Kasr al-Yehud

i nærleiken av Jeriko. Dette kan fort bli den staden som får mest merksemd:

Kasr al-Yehud, the probable site where John the Baptist baptized his cousin Jesus of Nazareth, will be opened to the public with a special ceremony on January 18 after 42 years as a closed military zone which pilgrims could only visit after coordinating with the Civil Administration for Judea and Samaria.

The site is located in the Jordan Valley in the West Bank, but starting on the 18th it will be operated by the jurisdiction of the Israel’s Nature and Parks Authority, after Israeli authorities invested millions of shekels to build facilities there to handle a large number of tourists.

The 18th is significant because it is the traditional day when Greek and Russian Orthodox Christians make an annual pilgrimage to the site to celebrate the Feast of the Epiphany.

Vice Premier Silvan Shalom, who was instrumental in the project, said he hoped Kasr al-Yehud would become a symbol for cooperation among Israel, Jordan and the Palestinian Authority, as it would be a major attraction for tourists who would also want to visit other Biblical sites in the area.

(frå ECEJ News, via BiblePlaces Blog)

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. NT gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Alle dei tre lokaliseringane er innanfor dette området.

Sjå også notatet Jordanelva som symbol.

Teksten

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Jesu dåp peiker fram mot Jesu død og oppstode til frelse for alle folkeslag. Vår kristne dåp byggjer på Jesu død og oppstode. Jesu dåp er ei grunnleggjande hending ved starten av Jesu offentlege virke. Han opplevde sjølv at dette ”måtte” skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til hans frelsargjerning.

Den Heilage Ande kom konkret over Jesus og Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Truleg bare Jesus og Johannes. Andre som eventuelt var til stades, såg truleg bare dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde truleg ikkje Guds røyst.

Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

8 svar til Jesu dåp i Jordanelva

  1. Wilson Alves seier:

    Jeg likte artikler om den hellige familie i Egypt
    Send e-post til å kommunisere

    Klemmer

    Wilson

  2. Tordny Brusdal seier:

    Hei, var virkelig Jesus og Johannes fettere? (ref innlegget fra ECE News) Kan bare finne i bibelen at det står at Maria og Elisabeth var slektninger, ikke spesifisert hvordan.🙂

  3. Arne seier:

    Hei Tordny. Nei, det er ingenting i Bibelen som tyder på at Jesus og Døyparen Johannes var søskenbarn. Då måtte jo Maria og Elisabet ha vore søsken. Dei blir omtalt som slektningar i Luk 1,36. Teksten der viser forresten også at det var stor aldersforskjell på dei to kvinnene. Forklaringa ligg nok heller i at det engelske ordet “cousin” i følgje ordboka både kan bety søskenbarn og slektning. Her er det nok brukt i den siste tydinga. Helsing Arne

  4. […] også tidlegare relaterte notat: Jesu dåp i Jordanelva og Jordanelva som […]

  5. […] Jesu dåp i Jordanelva Lik dette:LikVer den første til å like dette post. […]

  6. […] meir om Jesu dåp i Jordanelva i eit notat eg skreiv eit tidlegare år til ein annan av dåpstekstane (Matt […]

  7. […] Jesu dåp i Jordanelva […]

  8. […] Jesu dåp i Jordanelva […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: