Om guder og mennesker

… munkene i vår film viser at religion kan skape fred i like stor grad som konflikt. Hvis vi kan plante det i hodene til folk – at de alltid må holde håpet levende og dialogen gående – da er jeg fornøyd. 

Det er manusforfattar Etienne Comar som seier dette, om filmen Om guder og mennesker (her).

Eg har nå sett filmen. Det var ei flott oppleving. Ein seriøs og sterk film om tvil og tru hos kristne som kjem opp i ein pressa situasjon.

Filmen viser også at eit respektfullt fellesskap mellom muslimar og kristne er mogleg. Me blir minna om at islam som religion og islamisme som ideologi ikkje er det same.

Her er eit utdrag frå distributøren sin omtale:

Munkenes trygge tilværelse mellom klosterets tykke murer trues av fundamentalister, som ikke er nådige mot folk med feil tro. De lokale myndighetene ber munkene reise hjem til Frankrike. Munkene tviler og diskuterer, men velger å bli. Trofaste mot sitt kall og sine oppgaver i lokalsamfunnet. OM GUDER OG MENNESKER er en stillferdig, men intens film om å beholde troen på det gode, selv om det onde synes å ta overhånd. (Les meir)

Omtalen er god, bortsett frå at eg ikkje syns omgrepet “klosterets tykke murer” passa særleg godt i denne samanhengen. Munkane i filmen budde ikkje bak tjukke murar, verken i bokstavleg eller overført tyding. Dei hadde nær kontakt med folket utanfor murane, og portane inn til klosteret var ikkje særleg avskrekkande for ubudne gjestar.

Omtalen gir også bakgrunnsstoff om cisterciensarane.

Èitt svar til Om guder og mennesker

  1. […] Om guder og mennesker […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: