Husrom i Betlehem

Kor har det blitt av herberget i juleevangeliet?

Luk 2.7 er nå omsett slik:

…. og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.

Eg har tidlegare nemnt her på bloggen at evangelisten Lukas eigentleg ikkje skreiv om noko herberge i Betlehem:

Me kan leggja merke til at Lukas verken nemner herberget eller stallen! Det mykje omtalte herberget, der det ikkje var ledig rom, har nå også forsvunne ut av den nyaste norske omsetjinga av Bibelen. Ordet som tradisjonelt har vore omsett med “herberge”, er katalyma. Det brukest til vanleg om gjesterommet i eit privathus, eit rom som ofte låg i andre etasje over staden der dyra var. Og dyra var ikkje i ein norsk stall, men i eit rom i huset eller i ei grotte i tilknyting til huset. (Les meir)

Den som vil lesa meir om det manglande husrommet i Betlehem, kan gå til artikkelen The Accommodations of Joseph and Mary in Bethlehem: Κατάλυμα in Luke 2.7 av Stephan C. Carlson. Artikkelen har stått i tidsskriftet New Test. Stud. 56/2010, og er gjengitt på bloggen Hypotyposeis. Carlson har sin teori om saka, – og den var ny for meg.

Her er eit kort samandrag av artikkelen:

The identity of the κατάλυμα in Luke 2.7 has been debated among Western scholars for over five hundred years. Proposals have ranged from an inn to a guest room. This article argues that the term κατάλυμα has a generic sense of ‘place to stay’ and that the final clause of Luke 2.7 should be rendered ‘because they had no space in their place to stay’. Moreover, three clues in the context—Joseph’s compliance with the census order, the betrothal of Mary, and the manger—suggest that the accommodations presupposed by Luke are a marital chamber too small for giving birth.

(via BiblePlaces Blog)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: