Jomfru eller ung jente?

I desse dagar er det intense drøftingar om bibelomsetjing. Det dreier seg om innspurten i arbeidet med den nye bibelutgåva til Bibelselskapet. Eit av dei aktuelle spørsmåla er koss ein skal omsetja det hebraiske ordet almah i Jes 7,14.

Her er ein kronikk av Hans Kvalbein og Marta Høyland Lavik om saka:

Jomfru eller ung jente? – Et oversettelsesproblem hos profeten Jesaja

(…) I GT har oversetterne blant annet måttet ta stilling til et omstridt vers hos profeten Jesaja. Dette verset hører til i en tekst som er flere hundre år eldre enn juleevangeliet. Både i NT og i kristen tradisjon er dette verset blitt tolket som en profeti om Jesu fødsel. I bibeloversettelsen fra 1978 heter det i Jesaja 7,14:

“Derfor skal Herren selv gi dere et tegn: Se, en jomfru skal bli med barn; hun skal føde en sønn og gi ham navnet Immanuel.”

(Les meir)

Oppdatering 09.12.2010: Styret i Bibelselskapet valde omsetjinga ung jente. Eg syns det er bra. Les her.

2 svar til Jomfru eller ung jente?

  1. Per Einar Sønnesyn seier:

    “Du skal ikke bedrive ord”
    var det ein som sa-
    Dei glupe bibelrevisjonistane oppdaterer bibelmålet.
    No spørst det kva dei vil gjera med salme-målet.
    Det har vore interessant å leggja merke til at t.d.
    SKRUK syng den gamle, klangfulle teksten av
    m.a. Det hev ei rosa sprunge.
    Men kva vil revisjonistane gjera med dette:
    “Um denne rosa eine er sagt Jesajas ord.
    Maria Møy ,den reine, bar rosa til vår jord”?

    “Maria, unge jenta, bar rosa til vår jord”??

    Og kva med “Folkefrelsar til oss kom, fødd av møy i armodsdom”-

    Me får visst be “Han verje mann og møy, til ævleg tid”!

    Med utfordrande helsing
    Per Einar

  2. Arne seier:

    Hei Per Einar. Takk for interessant kommentar og utfordrande helsing. Eg meiner faktisk det er ein forskjell på bibelomsetjing og gamal norsk/dansk salmeskatt.
    Bibelen er ein tekst som er omsett til norsk. Gamle bibelutgåver har sjølvsagt interesse, men eg ser ikkje nokon god grunn til at me skal ha vanlege bruksutgåver av Bibelen i gamal språkdrakt. (Nå skal me huska at omsetjinga av “almah” i Jes 7 eigentleg ikkje gjeld spørsmålet om gamal eller ny språkdrakt, her er det meir snakk om ulike omsetjingsprinsipp).
    Når det gjeld gamle salmar på norsk og dansk, er dette poetiske tekstar som me framleis kan forstå i originalversjonen. Då kan det ha sin verdi å halda på det arkaiske språket. Eg trur likevel det også her finst ei grense for kor lenge dette vil kjennast godt og naturleg. Kva trur du om dette? Helsing Arne

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: