Svensk sjuarma lysestake?

Vårt Land har i dag (papirutgåva 27.11.2010) eit stort oppslag om dei elektriske sjuarma lysestakene som me har i vindua i adventstida. Journalisten har vore på jakt etter opphavet til denne skikken og har spurt ei rekkje fagfolk innan teologi, kunsthistorie, jødedom, folkeminnegransking mm.

Han finn relativt raskt ut at den sjuarma lysestaken kan knytast til den jødiske menorahen og finn også til slutt ut at den elektriske varianten er svensk. Den blei “oppfunnen” av Oscar Andersson på 1930-talet.

Når eg i dag hentar fram adventsstaken for at den skal lysa i tida fram mot jul, tenkjer eg likevel mest på samanhengen med den sjuarma lysestaken som har røter i Bibelen.

Eg syns også det er interessant å tenkja gjennom den markerte forskjellen mellom jødane sitt forhold til menorahen (som dei ikkje tenner) og vår kristne tradisjon med ein tent sjuarma lysestake. Eg har lært av dei Jesustruande messianske jødane at ein tent sjuarma lysestake er eit tydeleg Messiassymbol.

Sjå tidlegare notat her på bloggen: Den sjuarma lysestaken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: