Forrykande bibliotekopning

17/10/2010

Lesarane av bloggen får akseptera at eg i kveld er relativt lokal og med styrke hevdar at Bryne er ein spennande kulturby.

Det nye Time bibliotek blei opna i dag (17.10.2010). Biblioteket inviterer til ei forrykande opningsveke. Begge arrangementa eg har vore på i dag, har samla mykje folk.

Men dermed er også den lokale vinklinga slutt. Høgdepunktet i dagens program var nemleg Edvard Hoem sitt foredrag om Bjørnson og Garborg. To store og samtidige (norske og europeiske) forfattarar som hadde mykje felles, men som likevel stod langt frå kvarandre, først og fremst på grunn av målsaka.

Hoem si skildring av kor nær kvarandre dei ei tid var, utan å møtast, og kor langt frå kvarandre dei stod seinare, framleis truleg utan å ha møtst, var fascinerande og samtidig skremmande. Kunne dei ha blitt forsona om dei hadde snakka saman, ansikt til ansikt?

Oppdatering:

Jærbladet siterer frå ei av helsingane ved opninga:

– Rogaland er bibliotekfylket i landet vårt. Dette biblioteket er prikken over i-en. Det er fantastisk å sjå ein slik aktivitet som i dag. Ved å satsa på biblioteket, satsar kommunen på framtida, på kunnskap, på kultur og på eiga befolkning, sa Svein Arne Tinnesand, leiar i Norsk bibliotekforening, frå talarstolen. (Les meir)


Meir om Herodes» kongelosje

17/10/2010

National Geographic har lagt ut ein bildeserie frå teateret på Herodion og det som nå blir kalla Herodes sin kongelosje der. Sjå Pictures: King Herod’s VIP Box Excavated. NG presenterer interessante bilder med tekst.

Her er litt info om Herodion, henta frå eit tidlegare notat om staden:

Herodion er ei borg og eit slott som ligg ute i ørkenen 12 km sør for Jerusalem, nær Betlehem. Kong Herodes den store bygde anlegget ca 20 f Kr, til minne om ein militær seier han tidlegare hadde vunne her. På avstand ser det ut som ein vulkan, men det er faktisk eit kunstig fjell. På toppen finn me restane etter sjølve slottet, som var på sju etasjar. Dei to nederste etasjane var under jorda, inne i den kunstige fjellet. Her oppe er det ein fantastisk utsikt. På sletta nedanfor finn me restane etter det nedre Herodion. Her var det store bygningar, basseng, hage og ulike anlegg som egna seg for konkurranse og idrett. (Les meir)

Eg ser fram til å koma tilbake til staden. Då håper eg at både teateret og Herodes» gravkammer er opna for publikum. Sjå tidlegare notat om kongelosjen her.

(via PaleoJudaica)


Jeriko 10.000 år

11/10/2010

Jeriko benytta den spesielle datoen 10.10.10 til å markera det dei kallar eit 10.000-års byjubileum. Les artikkel frå Associated Press her.

Jeriko er i dag ein palestinsk by på Vestbreidda, nede i Jordandalen nær Dødehavet.

Byen marknadsfører seg som den eldste byen i verda. Bakgrunnen er at det er funne restar av forsvarsverk som kanskje er frå ca 8.000 f. Kr. Denne dateringa er sjølvsagt omtrentleg. Ulike oppslagsverk oppgir også heilt forskjellige dateringar.

Oppdatering: Sjå også notatet Jeriko 10.000 år, del 2.

(via BiblePlaces Blog som også kommenterer bakgrunnen for 10.000-års dateringa)


Guds pakt med Noah

10/10/2010

Preike over 1. Mosebok 9,8-17

Bryne kyrkje, 20. søndag etter pinse 2010

Denne søndagen er GT-teksten sett opp som preiketekst i Den norske kyrkja. Det har gitt oss høve til å fordjupa oss i forteljinga om Guds pakt med Noah, det me kan kalla regnbogepakta.

Det står skrive i 1. Mosebok kap 9:

8 Så sa Gud til Noah og sønene hans: 9 «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10 og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda. 11 Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.»
12 Og Gud sa:
«Dette er teiknet på pakta eg skipar
mellom meg og dykk
og kvar levande skapning som hjå dykk er,
for ætter som kjem i alle tider:
13 Eg set bogen min i skyene;
han skal vera eit teikn på pakta
mellom meg og jorda.
14 Når eg samlar skyer over jorda,
og bogen syner seg i skyene,
15 då skal eg koma i hug den pakta
som er mellom meg og dykk
og kvar levande skapning.
Aldri meir skal vatnet verta
til ein storflaum som tyner alt liv.
16 Bogen skal koma i skyene;
eg skal sjå han og minnast
den pakta som alltid skal vera
mellom Gud og kvar levande skapning
som rører seg på jorda.»
17 Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»

Pakt

Ordet pakt er sentralt i denne bibelteksten. Me får høyra om ei pakt med Gud. Eller meir korrekt: om Guds pakt med Noah.

Pakt er eit ord som kjem igjen i ulike samanhengar i Bibelen. Det er det same ordet som også blir omsett testamente, slik at Det gamle testamentet betyr den gamle pakt og Det nye testamentet betyr den nye pakt.

Ei vanleg tyding av ordet er ein avtale mellom partar som tar på seg gjensidige forpliktingar mot kvarandre. I vår tid brukar me ordet f eks om ei forsvarspakt og ei ektepakt. I Bibelen finn me óg pakter mellom menneske, f eks mellom David og Jonatan (1. Sam 18,3).

Pakt mellom Gud og menneske

Men først og fremst blir ordet brukt i Bibelen om Guds ulike pakter med folket sitt. I desse paktene er det snakk om to partar i pakta, men ikkje to likeverdige partar. Det er alltid tydeleg at Gud er Gud og mennesket er menneske. Det er Gud som i nåde opprettar si pakt med menneska. Likevel er det to sjølvstendige partar, som begge både kan bryta og halda pakta.

For oss kristne er den nye pakt heilt grunnleggjande. Den kviler på Guds frelseshandling i Jesu død på korset. Men det at me kallar denne pakta ei ny pakt, betyr at me ser den i forhold til noko som er eldre; den gamle pakta. For å få oversikta over ulike pakter i GT, må me foreta ei reise bakover i den bibelske historia.

Sinaipakta (2. Mos 19ff) er sentral for forståinga av GT. Det var her Israelsfolket fekk Moselova med dei ti boda. Dette var ikkje ei pakt mellom to likeverdige partar. Gud var tydeleg pakta sin stiftar og Herre, mens folket forplikta seg på hans ord og bod.

Pakta på Sinai byggjer på ei pakt som er mykje eldre, pakta med Abraham og hans ætt (1. Mos 15,18 og 17,1ff). Det er her utvelginga av Israelsfolket har sitt utgangspunkt.

Elles ser me også at pakta kan bli fornya på viktige punkt i historia, f eks då Josva skulle føra folket inn i det lova landet (Jos 24). Josva utfordra folket og sa: Vel i dag kven de vil tena. Eg og mi ætt, me vil tena Herren. Og folket svara: Herren vil me tena.

Guds pakt med Noah

Men forteljinga om Noah går enda lenger bak i tid. Preiketeksten er frå den aller første delen av GT, der me finn det me kallar urhistoria (1. Mos 1-11). Dette er den delen av Bibelen som handlar om alle tings opphav: skaping og syndefall, Kain og Abel, Noahs ark og Babels tårn. Først etter desse kapitla, som er universelle og som omhandlar alle menneske på jorda, kjem me til utvelginga av Abraham og hans ætt.

Det betyr at Guds pakt med Noah er ei universell pakt med alle menneske på jorda og at den slik sett peiker fram mot NT, mot den nye pakta der alle menneske gjennom dåp og tru på Jesus Kristus kan bli tatt inn i Gudsfolket.

Pakta med Noah viser oss for det første at Gud er ein personleg Gud. Han søkjer personleg kontakt med menneska. Den Gud me møter i Bibelen er ikkje ei upersonleg kraft. Gud er ein relasjonell Gud. Han vil at me menneske skal leva i relasjon til han.

Guds tilnærming til oss er at han taler og handlar i truskap, han brukar ord som ansvar og tillit, samtidig som han også taler om vreide og kjærleik. Gjennom dei ulike paktene openberrar Gud seg som den overraskande Gud. På eit gamaldags språk blei han kalla uutgrunneleg. Eg syns det i seg sjølv er eit uutgrunneleg ord.

Pakta med Noah seier oss for det andre noko om forholdet til skaparverket. Pakta inneheld ei fornying av menneska sitt ansvar for skaparverket. Gud gir menneska fornya tillit.

Storflaumen var på ein måte skapingsprosessen i revers. Men når Noah og familien kom ut av arka og ofra til Gud i takksemd, tenkte Gud: Aldri meir!

Dermed blei menneska sitt ansvar frå skapinga gjentatt på nytt: ”Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: De skal veksa og aukast og fylla jorda.” (1. Mos 9,1)

Møtet med dagens tekst blir derfor óg ei påminning om vårt ansvar på jorda. Me har fått eit forvaltaransvar som Guds medarbeidarar i skaparverket.

Pakta med Noah viser oss for det tredje kor sterkt Gud taler når han gir løfter. «Aldri meir skal vatnet verta til ein storflaum som tyner alt liv» (vers 15).

Dette er så sterke ord at dei kan vera vanskelege å forhalda seg til. Ikkje minst fordi me gjennom nyhetsbildet kjenner til mykje av det som skjer rundt i verda. Denne sommaren har me sett ein flaum i Pakistan som har berørt millionar av menneske. Og den siste veka har me høyrt om ei forferdeleg oversvømmelse av giftig slam i Ungarn.

Eg verken kan eller vil forsøkja å koma med gode forklaringar på dette. Me lever i ei verd med mykje vondt. Men eg meiner at me i denne teksten kan lesa at me har ein Gud som er herre over skaparverket og historia, at me midt i all vondskap får motta hans nådige kjærleik og at han utfordrar oss til å vera hans medarbeidarar og medskaparar som kan bidra til at verda blir ein betre stad å leva.

Regnbogen

I denne samanheng må eg også trekkja inn regnbogen. Då Gud i nåde gav Noah denne pakta, gav han også eit teikn som skulle stadfesta pakta. Regnbogen skal minna om løftet. Faktisk seier teksten at regnbogen skal minna Gud om løftet.

Det hebraiske ordet som blir brukt, er ordet boge (keshet). Det er eit våpen, det er krigsbogen. Det er pil og boge. Men Gud legg våpenet ned. Han gjer krigsbogen om til ein regnboge og gir oss den som eit teikn på fred.

Det fascinerande med regnbogen er at den blir til i kombinasjonen av lys og vatn. To grunnleggjande element i naturen. Når lyset bryt i vatnet, blir dette flotte teiknet i naturen skapt.

(Jesus brukar begge desse elementa som bilde på kva han vil gje oss: Eg er lyset for verda. Eg er det levande vatnet.)

Regnbogen minner oss om pakta Gud gjorde med Noah. Innhaldet i denne pakta er eit løfte frå Gud om beskyttelse.

På denne måten er dette ei forteljing om kjærleik, nåde og tilgjeving på globalt plan. For Noah-pakta gjeld alle menneske på jorda uavhengig av nasjonalitet eller religion. Dessutan gjeld den alt det skapte; både menneskeliv, dyreliv og heile naturen.

Eg oppfattar derfor teksten som ein protesttekst mot katastrofetenking og framtidspessimisme. Teksten seier at menneska si synd har konsekvensar for heile skaparverket. Men også at Guds kjærleik, hans nåde og hans løfte gjeld for alt det skapte!

Den nye pakt

Det går ei bru frå dette til den nye pakt i NT:

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv (Joh 3,16)

Det finst ein interessant tekst i GT som knyter saman nettopp Noah-pakta og den komande fredspakta, dvs den pakta som kom med Jesus Kristus. Eg tenkjer på nokre vers i Jesaia 54, altså i forlenginga av dei flotte profetiane om Messias i Jesaia 53:

9 For meg er dette som Noah-flaumen.
Slik eg svor at Noah-flaumen
aldri meir skulle koma over jorda,
slik sver eg no at eg aldri meir
skal bli harm på deg og truga deg.

10 For om fjella vik og haugane vaklar,
skal min godleik aldri vika frå deg,
mi fredspakt skal ikkje vakla,
seier Herren, som viser deg miskunn. (Jes 54,9-10)

I denne gudstenesta blir du utfordra til å fornya ditt gudsforhold. Guds fredspakt vaklar ikkje. Han vil på ny og på ny visa deg miskunn, også i dag.

Det gode budskapet som me alle saman treng, og som me møter her, er at me kan ta imot Guds gåver og leva i tru på han. Og at me får del i Guds frelse gjennom denne trua.

Gud har gitt oss pakta, den nye pakta som er ei fredspakt om at Gud aldri vil ta sin godleik og si miskunn frå deg. Du og eg kan i dag fornya denne pakta, og seia: Ja, eg trur. Ja, eg tar i mot. Ja, eg vil tena Herren.

Det er ein spennande samanheng mellom tankegangen om Guds pakt med oss og våre hellige handlingar i kyrkja. Samanhengen når det gjeld dåpen, ser me i uttrykket ”frelse gjennom vatn”. Og i at dåpen er «eit godt samvits pakt med Gud» (1. Pet 3,20-22). Og i nattverden får me konkret del i den nye pakt. Høyr kva Jesus sa:

Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk til forlating for syndene

(frå nattverdliturgien, jfr Luk 22,20).

Aldri åleine

Det er ved Guds frelsande handling i den nye pakt (fredspakta) du og eg kan vera Guds barn. Jesu død på korset er heilt grunnleggjande for oss. Å vera kristen er å leva under Guds omsorg og i Guds løfte. Å vera kristen er å byggja trua på det Gud har gjort og ikkje det me sjølve kan prestera.

Eg har lese desse orda ein stad: «Mine utsikter er like gode som Guds løfte.» Skal me ta dette på alvor, kan me gå inn i morgondagen, inn i det ukjente som ligg framfor oss, i tru og med fred. For me går ikkje åleine!


Frå Fødselsgrotta si historie

09/10/2010

Tradisjonen fortel at Jesus blei født i ei grotte i Betlehem. Det er naturleg å tenkja seg at folket i Betlehem i det første hundreåret og den første forsamlinga av jødar som trudde på Jesus i Jerusalem, visste kva for ei grotte dette var. Kanskje heldt dei den til og med heilag?

Ca 100 år etter Jesu død og oppstode hadde Hadrian tatt makta over området. Han bygde romerske monument over nokre sentrale jødiske og kristne heilage stadar, blant anna over grotta i Betlehem. Ca 200 år seinare blei dette monumentet fjerna og den første Fødselskyrkja blei bygd på staden.

Eg har kome over ein nyleg publisert fagartikkel om analogiar til tradisjonen om Fødselsgrotta: The Nativity Cave and Gentile Myths av Craig S. Keener. Artikkelen er publisert i det elektroniske tidsskriftet Journal of Greco-Roman Christianity and Judaism 7/2010.

Artikkelen inneheld interessant stoff om Fødselsgrotta si historie:

Evidence suggests that people in Bethlehem honored a cave as the site of Jesus’ birth by the early second century. By this time Bethlehemites knew the exact cave where Jesus had reportedly been laid in a manger; when Hadrian was desecrating Judean sacred sites, he responded to this tradition by establishing a sacred grove there. Because Jerome settled in a Bethlehem cave near the nativity grotto, he knew the local tradition.

Although Jerome arrived only in 385, the claim that Hadrian desecrated this site in the early second century coheres with his desecration of other sites sacred to Judeans. Second- and third-century Christian sources also report the nativity cave near Bethlehem, and later sources continued to follow this tradition. That the early Judean church would have known and preserved the site of Jesus’ birth, given the prominent role played by Jesus’ family (especially his brother James, Gal. 2.9; cf. 1.19) is plausible. Bethlehem was just about six miles from Jerusalem.  Jesus’ relatives probably owned the property where the cave was,  and relatives typically displayed loyalty to their kin, supporting each other socially.  With refer-ence to the specific local applicability of the tradition of Jesus’ nativity in a cave, Bethlehem did have caves. Moreover, Bethlehemites used these natural structures for their own ends; thus during the century before Jesus’ birth Bethlehem was using caves for burials.

(Les heile artikkelen med referensar her)

Sjå elles meir stoff om Fødselskyrkja og Fødselsgrotta under kategorien Betlehem her på bloggen.


Området framfor Vestmuren

05/10/2010

Eit jødisk kvinneperspektiv

Det er store planar for fornying av plassen framfor Vestmuren (Klagemuren). Denne store plassen fungerer i dag som ein stor friluftssynagoge med mange besøkjande. Kvinner får bare koma fram til muren på eit avgrensa område.

Jerusalem Post skriv om fornyingsprosjektet og fortel også om den forventa motstanden mot å gjera noko grunnleggjande med dette sensitive området. Det er ikkje overraskande at det kjem muslimske reaksjonar mot planen. Det er derimot meir uventa at konservative Jerusalem Post legg vekt på omtale av jødiske kvinner sine motførestellingar:

«It looks like the architecture is going to now set in stone, so to speak, the perspective that women are spectators and men are worshipers,” said Anat Hoffman, director of Women of the Wall, a monthly women’s prayer group that advocates for equal treatment for women at the site.

“There are partitions that are suggested where women can observe men, but men can’t observe women,” she said.

Her er eit større utdrag som seier litt meir om kva planane går ut på:

Kotel Plaza renovations plan gets initial okay

A new plan to completely renovate the Western Wall Plaza was approved by the Jerusalem Local Planning and Building Committee on Monday, paving the way for the most drastic changes to the layout of the area since the plaza was created after the Six Day War.

“The goal of expanding the entrances and exits of the Western Wall plaza and will give us a solution for allowing large numbers of worshipers and visitors to enter at once, as well as emergency exits,” Rabbi Shmuel Rabinovitch, the chief rabbi of the Western Wall, told The Jerusalem Post.

(…)

The current plaza was created immediately after the Six Day War in 1967, when the neighborhood next to the Western Wall, known as the Moroccan Quarter, was razed to make a large plaza.

The new plan, which is still in the very initial stages of approval, calls for a large underground plaza to replace the current main entrance, located at Dung Gate. A new visitor’s center will replace the current police building, with areas for educational programming, additional bathrooms, an auditorium, lecture halls, and an exhibition space for the archeological discoveries in the area.

“The number of visitors has increased by 500% at the Western Wall in recent years, and is expected to grow even more, but the infrastructure has remained the same,” Rabinovitch said in a statement. “Hundreds of workers at the Wall, including security guards, guides, and management, are working under impossible circumstances.”

The Western Wall Heritage Foundation claims that more than 15 million visitors come to the Western Wall every year, though the municipality put the figure at eight million. Both expect the number of visitors to the site to double in the next 10 years.

(les meir)

(via BiblePlaces Blog)


Bibelomsetjinga i rute

01/10/2010

Anders i Bibelselskapet held oss oppdatert; her er meldinga frå Omsetjarverkstaden på Facebook i dag 01.10.2010:

Ferdig!?

I dag avslutta vi sju intense veker med gruppearbeid. No leverer vi frå oss bibelteksten for endeleg godkjenning i omsetjingsutvalet og styret for Bibelselskapet. Så då er vel teksten ferdig?

Ja og nei. Det står enno att mykje slikt arbeid som eg kallar «feiing i krokane». I går og i dag har Oskar Stein Bjørlykke og Jostein Stokkeland vore innom for å hjelpa oss med ein del språklege val i nynorsk. Måndag kjem Henrik Ødegaard, kyrkjemusikar og komponist, for å vera med på å sjå gjennom salmane enno ein gong. Vi har att noko arbeid med gamaltestamentlege sitat i nytestamentet, det skal gjerast svært nøyaktig. Mykje skal kontrollerast og rettast opp, og viktigast: OU skal avgjera ein heil del enkeltspørsmål.

Arbeidsledige blir vi altså ikkje på ei god stund. Men denne etappen må vi seia er vel gjennomført.

Anders Aschim

bibelomsetjar


%d bloggarar likar dette: