Meir om Herodes’ kongelosje

National Geographic har lagt ut ein bildeserie frå teateret på Herodion og det som nå blir kalla Herodes sin kongelosje der. Sjå Pictures: King Herod’s VIP Box Excavated. NG presenterer interessante bilder med tekst.

Her er litt info om Herodion, henta frå eit tidlegare notat om staden:

Herodion er ei borg og eit slott som ligg ute i ørkenen 12 km sør for Jerusalem, nær Betlehem. Kong Herodes den store bygde anlegget ca 20 f Kr, til minne om ein militær seier han tidlegare hadde vunne her. På avstand ser det ut som ein vulkan, men det er faktisk eit kunstig fjell. På toppen finn me restane etter sjølve slottet, som var på sju etasjar. Dei to nederste etasjane var under jorda, inne i den kunstige fjellet. Her oppe er det ein fantastisk utsikt. På sletta nedanfor finn me restane etter det nedre Herodion. Her var det store bygningar, basseng, hage og ulike anlegg som egna seg for konkurranse og idrett. (Les meir)

Eg ser fram til å koma tilbake til staden. Då håper eg at både teateret og Herodes’ gravkammer er opna for publikum. Sjå tidlegare notat om kongelosjen her.

(via PaleoJudaica)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: