Bibelomsetjinga i rute

Anders i Bibelselskapet held oss oppdatert; her er meldinga frå Omsetjarverkstaden på Facebook i dag 01.10.2010:

Ferdig!?

I dag avslutta vi sju intense veker med gruppearbeid. No leverer vi frå oss bibelteksten for endeleg godkjenning i omsetjingsutvalet og styret for Bibelselskapet. Så då er vel teksten ferdig?

Ja og nei. Det står enno att mykje slikt arbeid som eg kallar “feiing i krokane”. I går og i dag har Oskar Stein Bjørlykke og Jostein Stokkeland vore innom for å hjelpa oss med ein del språklege val i nynorsk. Måndag kjem Henrik Ødegaard, kyrkjemusikar og komponist, for å vera med på å sjå gjennom salmane enno ein gong. Vi har att noko arbeid med gamaltestamentlege sitat i nytestamentet, det skal gjerast svært nøyaktig. Mykje skal kontrollerast og rettast opp, og viktigast: OU skal avgjera ein heil del enkeltspørsmål.

Arbeidsledige blir vi altså ikkje på ei god stund. Men denne etappen må vi seia er vel gjennomført.

Anders Aschim

bibelomsetjar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: