Artikkel om Immanuelkyrkja

03/08/2010

Den danske publikasjonen Udfordringen har ein innhaldsrik artikkel om Immanuelkyrkja i Jaffa/Tel Aviv og om Lisbeth og Christian Rasmussen som arbeider i kyrkja:

Ung dansk præstefamilie i gamle Jaffa

Det danske præstepar, Lisbeth og Christian Rasmussen, er havnet i et internationalt miljø og er ofte omgivet af folk, der har 18 forskellige sprog som deres modersmål.

(les meir)

Eg trefte Lisbeth og Christian igjen tidlegare i sommar, på DNI sitt landsmøte. Det var gildt (for å seia det på godt jærsk)!

Kyrkjelyden som eg tilhøyrer på Bryne, støttar arbeidet i Immanuelkyrkja som vårt misjonsprosjekt.

(via Nyt fra Jaffo)


Leivningar etter Døyparen?

03/08/2010

Bulgarske arkeologar hevdar å ha funne leivningar etter Døyparen Johannes i eit kloster ved Svartehavskysten. Eg syns dette høyrest underleg ut. Sjå film om funnet her hos BBC.

(via Vårt Land)

Oppdatering 06.08.2010:

Eg har ikkje noko nært forhold til relikviar. Men når det blir «oppdaga» leivningar etter ein bibelsk person, syns eg det er interessant å prøva å setja meg inn i saka. Derfor syns eg den korte meldinga i Vårt Land og filmsnutten frå BBC eigentleg skapte fleire spørsmål enn svar.

Nå er det sjølvsagt skrive meir om saka, og via Biblicus Semitae kom eg fram til ein artikkel på Balkan Travellers (!) som fortel at «funnet» også har skapt bølgjer i Bulgaria. Her er eit utdrag:

Recent Archaeology Find of Alleged Remains of Saint John the Baptist Causes Controversy

The recent find near Sozopol is very nice and pleasant, but the results from the examination should be seen first, Bulgaria’s Minister of Culture Vezhdi Rashidov said yesterday, regarding the recent archaeological discovery of remains that were almost immediately announced to have belonged to Saint John the Baptist.

In addition, the hurried announcement has caused tension in Bulgaria’s archaeological circles.

(les meir)


Israel Museum har opna igjen

03/08/2010

Hovudutstillingane til Israel Museum i Jerusalem har vore stengt i tre år, men er nå i sommar opna igjen. Eg ser fram til å besøkja dei gjenopna utstillingane.

Israel Museum er eit flott museum med mange interessante avdelingar. Ein del av dei som kjem til staden, får bare sett Dødehavsrullane i The Shrine of the Book og den store utandørs Jerusalemsmodellen. Dette er opplagt blant høgdepunkta under eit besøk i Jerusalem, men museet sitt hovudbygg inneheld utruleg mykje meir; store utstillingar av kunst og jødisk kulturhistorie, og ikkje minst ei stor arkeologisk avdeling.

Sjå Israel Museum si nettside.


%d bloggarar likar dette: