Bibelsk musikkarkeologi

Musikkarkeologi var eit ukjent ord for meg inntil eg las Vårt Land i går (papirutgåva 13.08.2010). Der blei musikkarkeologen Gjermund Kolltveit intervjua om bibelske musikkinstrument:

Det er gjort ein del rekonstruksjonar av instrumenta som er nemnt i Bibelen, seier Gjermund Kolltveit, stipendiat og musikkarkeolog ved Universitetet i Oslo.

– Davids harpe er verkeleg eit symbolsk instrument som har vore avbilda i kunsten i mange hundre år. Men eigentleg er dette ei lyre, som var eit vanleg instrument på denne tida, seier Kolltveit. Både harpar, lyrar og shofarar er det sannsynleg vart brukt til mellom anna salmesong. Shofar er det hebraiske namnet for bukkehorn, seier han.

Kolltveit fortel at harpene som arkeologar har greve fram er datert heilt tilbake til 2500 år før Kristus, og kan vere så høge som éin meter. I tillegg fanst trommer og diverse blåseinstrument, men det er uvisst om desse vart brukt i samband med salmesong.

I tillegg gir avisa oss følgjande informasjon i ein faktaboks:

Ei rekkje instrument blir nemnt i Bibelen. Her er ei oversikt over dei hebraiske namna og sannsynlege tolkingar:

Asor: eit strengeinstrument med ti strengar.

Halil: Rørbladinstrument, slektning av den greske aulos.

Hatzotzerah: Metalltrompet av same slag som blei funne i Tutankhamons grav. I 4. Mos. 10,2-10 står det korleis desse trompetane blei laga og brukt.

Kinnor (lyre): Sannsynlegvis asymmetrisk strengeinstrument. Blir nemnt i ei rekkje samanhengar, og hadde både verdsleg og religiøs betydning. Det er sannsynleg at instrumentet blei brukt til akkompagnement av salmar. I moderne hebraisk betyr kinnor fiolin.

Metziltyim: Cymbalar.

Shofar: bukkehorn. Vert framleis brukt i jødiske samanhengar. Oversett med”basun” i tidlegare bibeloversetjingar.

Tof: rammetromme, brukt av kvinner, kanskje til rituell dans.

Avisoppslaget var skrive i samband med at preiketeksten denne helga er frå Salmane i GT. I tillegg til intervjuet med Kolltveit, hadde også journalisten Maren Kvamme Hagen hatt kontakt med teologiprofessor Terje Stordalen om bruken av salmane i gamaltestamentleg tid.

Vi trur salmane i Bibelen hadde to ulike funksjonar. Det kunne vere faktiske salmar som blei sunge i gudstenester, og det kunne vere teologiske refleksjonar eller dikt, skrivne av teologar, seier professor Terje Stordalen ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

(…)

– I den grad salmane vart sunge, starta det i tempelet i Jerusalem ein gong før det blei øydelagt i år 586 f.Kr., fortel professor Stordalen.

Oversikta over dei bibelske instrumenta gjorde at eg fann fram den hebraiske Bibelen for å sjå nærare på ein av dei tekstane som oppfordrar til utstrakt bruk av ulike instrument, Salme 150:

Halleluja!

Lovsyng Gud i hans heilagdom,
lovsyng han i hans himmelborg!
Lov han for hans mektige verk,
lov han for hans store velde!
Lov han med gjallande shofar (horn),
lov han med nevel (harpe) og kinnor (lyre)!
Lov han med tof (pauke) og dans,
lov han med minim (strengespel) og ‘ugav (fløyte)!
Lov han med tonande tziltzele (cymblar),
lov han med klingande tziltzele (cymblar)!
Alt som har ande, skal lova Herren.
Halleluja!

Orda i parentes viser kva ord den norske Bibelen nyttar. Som me ser, er ikkje Vårt Land si liste over bibelske instrument fullstendig.

2 svar til Bibelsk musikkarkeologi

  1. […] Bibelsk musikkarkeologi […]

  2. […] Bibelsk musikkarkeologi (2010) […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: