Petter Dass-museet

Måndag var eg ein dagstur frå Vega til Petter Dass-museet på Alstahaug. Det nye hovudbygget, teikna av Snøhetta AS, er eit kvalitetsbygg som eg har sett fram til å besøkja. Sist eg var på staden, var det under bygging. Bygget svarte til forventningane!

Hovudutstillinga var også interessant, sjølv om den gjekk mindre i djupna på Petter Dass sitt forfattarskap enn eg hadde rekna med. Dette trekket var enda meir tydeleg i omvisninga me fekk i utstillinga. Me fekk heldigvis med oss ein bildeserie som var god. Deretter følgde me ein guide som var flink på å fortelja om bygget og om koss utstillinga var bygd opp, vidare også om Borgny Farstad Svalastog sin kunst som var stilt ut i museet. Veldig bra!  Men guiden hadde lite å seia om Petter Dass. Det verka som om ho var mest opptatt av at han som ung huslærar var “nøytt til” å gifta seg. Det er då sanneleg ikkje derfor han er huska og er verdt eit praktmuseum!

Les om Petter Dass’ sine skrifter på museet sine nettsider her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: