Olsok og Olavsfestdagane

Det er olsok (29. juli) og me er tilbake i Trøndelag. På denne tida av sommaren er det verkeleg flott å vera i Trondheim; her er det omfattande olsokfeiring i ramma av Olavsfestdagane. Me har valt ut ein del av det kyrkjelege programmet i og rundt Nidarosdomen, eller Kristkyrkja som den også blir kalla. Men det blir også ein tur til Stiklestad og Spelet om Heilag Olav på sjølve olsokkvelden.

I går føremiddag fekk me med oss opninga av Olavsfestdagane og den historiske marknaden i borggarden i Erkebispegården.

I går kveld var me i Nidarosdomen der 1000 menneske hadde samla seg for å høyra ein samtale! Det dreidde seg om ein samtale med utanriksminister Jonas Gahr Støre og kronprinsesse Mette-Marit om Tro, håp og kjærlighet. Den første snakka mest om tru og håp, den andre om tru og kjærleik. Dei to hadde, saman med ektefellene sine, vandra som pilegrimar eit par dagar før dei kom til Trondheim.

Prest og forfattar Per Arne Dahl leia samtalen. Det kom fram mykje interessant. Eg la spesielt merke til koss utanriksministeren, som ikkje hadde ei barnetru å byggja på, midt i ei krevjande kvardag hadde kome fram til at han trong ei tru for å få livet til å gå opp. Vidare koss kronprinsessa omtalte kyrkja som ein heim og dessutan fortalde personleg og flott om kva kjærleiken til kronprins Haakon har betydd for henne.

Etter samtalen i kyrkja var me på salmekveld i Borggården i Erkebispegården, vidare utover kvelden og natta hadde me ein god prat med venner og deretter var me innom Olavsvaka i kyrkja.

I dag har eg vore på Olsokhøgmesse. Ikkje verst å kunna samla nesten fullsett katedral til høgmesse ein torsdag kl 11! Det var ei flott gudsteneste med song av Skruk og preike ved ein gjestande svensk biskop. Etter gudstenesta var det bekransning av statuen av Heilag Olav på Vestveggen (med lift!). Deretter var eg innom besøkssenteret og kjøpte meg ein liten godbit; Til Romaborg og Jorsal (reiseguide frå 1100-talet om ei reise til Roma og Jerusalem). Den tok eg med meg og las mens eg tok meg kyrkjekaffi i Pilegrimsgarden.

Alt snakket om “Olavsarven” er nok først og fremst ei trøndersk greie, men det er like fullt mykje flott å få med seg i Trondheim under Olavsfestdagane. Dette er innhaldsrike og givande feriedagar. I strålande sommarver.

(Oppdatert 1. august 2010)

Èitt svar til Olsok og Olavsfestdagane

  1. […] kom over heftet då eg var i Nidarosdomen i sommar (her) og eg kjøpte det sjølvsagt. Eg ville finna ut kva ein norrøn kristen fekk med seg av […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: