Korttidspilegrim

I går var eg korttidspilegrim. Eg var innom Nidaros Pilegrimsgård. Der møtte eg den danske pilegrimspresten Elisabeth Lidell som nå er sommarpilegrimsprest i Trondheim. Ho inviterte meg med i ei gruppe som skulle gå ei lita vandring i området rundt og i Nidarosdomen. Me var innom Olavskjelda og bønekorset, me gjekk rundt katedralen og me gjekk inn og opp i Mariakapellet for ein pilegrimsandakt. Det var eit enkelt opplegg og samtidig ei flott oppleving.

Det heile begynte med at eg nå på ferien hadde ein dag for meg sjølv i Trondheim. Eg ville gjerne sjå pilegrimsgarden som blei opna i fjor. Der var eg bare så vidt komen innanfor døra før eg blei ønskt velkomen av pilegrimspresten. Eg var heldig med tidspunktet – eg kom akkurat til middagsbøna i det stille rommet og deretter sesongopning av pilegrimskafeen. Det viste seg også at denne sesongopninga var ei samling for frivillige medarbeidarar ved pilegrimsgarden. Eg blei invitert med, og fekk dermed eit inntrykk av korleis dei tenkjer og arbeider. Den lille vandringa var også eit eksempel på korleis dei tar imot pilegrimar som kjem til katedralen.

Her møtte eg også to rumenske teologiske studentar som var i praksis på pilegrimsgarden. Dei var med på opninga av kafeen og fortalde om bakgrunnen sin og om korfor dei var i Trondheim. Dessutan song dei rumensk-ortodoks liturgisk song for oss. Vakkert! Dei la vekt på at ortodoks pilegrimstradisjon er mest opptatt av bøna framme ved målet, mens dei opplevde at me i vår tradisjon snakkar meir om vegen og det å vera undervegs. Dei har truleg rett i at det er ein forskjell her.

Etter programmet på pilegrimsgarden og vandringa med pilegrimspresten sette eg meg på Café To Tårn utanfor Nidarosdomen. Her blei eg sitjande lenge med tankane mine og kaffien min.

Èitt svar til Korttidspilegrim

  1. Wenche seier:

    Kva er “vår tradisjon” eigentleg? Me, Dnk, har vel ikkje akkurat nokon pilegrimstradisjon å snakka om?

    Nynorskordboka: pilegrim m1 (utt òg pi>lgrim; norr pílagrímr, av lat. peregrinus ‘framand’) truande person som valfartar til ein heilag stad

    Ut i frå dette vil eg seia at det er målet som er poenget for ein pilegrim også i vår tradisjon. Det er slik me har forstått dette omgrepet. Men nå er nokon i ferd med å omdefinera. Me vil altså gjerne vera pilegrimar, og me vil ikkje valfarta til kva kyrkjer som helst. Men me har problem med det heilage målet.

    Håpar du vil skriva meir om dette.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: