Frå landsmøtet i DNI

Landsmøtet i Den Norske Israelsmisjon (DNI) i Stavanger 2010

Sist veke var eg med og arrangerte landsmøtet for DNI på Solborg folkehøgskole i Stavanger. Dette er ikkje av dei største kristne sommartreffa, men det er viktig for oss som har eit engasjement i denne misjonsorganisasjonen. Det var ca 270 deltakarar på landsmøtet.

Visjonen vår er: Evangeliet tilbake til jødane. Uttrykket Israel i organisasjonen sitt namn, er ikkje knytt til staten Israel, men til den bibelske språkbruken der Israel er eit heidersnamn på det jødiske folket. Ca halvparten av jødane i verda bur i dag i staten Israel og me vil framleis ha hovudfokus på arbeidet i dette landet. Samtidig vil me i åra framover ha eit sterkare fokus på misjon blant jødar i andre land, særleg i Europa.

Eg har vore med i landsstyret dei siste tre åra og blei nå gjenvalt for perioden 2010-2012. Dei eg skal arbeida saman med i det nye styret, er Torgeir Flateby (leiar) frå Askim, Kjetil Lorentzen frå Tynset, Paul Odland frå Askøy, Anne Synnøve Ropstad  frå Sørum og Gunvor Fyllingsnes frå Lindås. Dessutan Odd Bjarne Skogestad frå Sotra, som er dei tilsette sin representant. I tillegg møter Eva Waldehaug Sæther frå Giske fast som første varamedlem. Eg ser fram til det vidare arbeidet i landsstyret. Det er ei interessant og givande teneste, og sjølvsagt også eit stort ansvar.

Elles var nok den viktigaste landsmøtesaka, i tillegg til dei faste årsmeldingane og rekneskapane, behandlinga av landsstyret sin strategiplan for dei neste ti åra. Her fekk landsstyret full oppslutning om dei vala som var gjort. Ikkje minst gleda eg meg over dei sterke signala om forsoningsarbeidet. Det blei sagt tydeleg at dette bør ha stor vekt, også i åra framover. Strategiplanen seier det slik:

Vi vil i ord og handling arbeide for fred og forsoning mellom mennesker både i vårt arbeid i Norge og i andre land, og særlig i møte mellom jøder og palestinere.

Oppdatering 10.07.2010: Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann sitt profilforedrag på landsmøtet er nå lagt ut på nettet. Foredraget tar utgangspunkt i dagens situasjon og vegen vidare for Israelsmisjonen, og har tittelen Forankring og fornying.

Èitt svar til Frå landsmøtet i DNI

  1. […] trefte Lisbeth og Christian igjen tidlegare i sommar, på DNI sitt landsmøte. Det var gildt (for å seia det på godt jærsk)! Kyrkjelyden som eg tilhøyrer på Bryne, har […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: