Landsmøte i Israelsmisjonen

Denne veka skal eg delta på landsmøte i Den Norske Israelsmisjon i Stavanger. Organisasjonen inviterer til dagar med fellesskap, fornying, lovsong, livsglede, visjon og misjon. Tema for dagane er Løft blikket!

Eg har tidlegare skrive mykje her på bloggen om engasjementet mitt i DNI. Eit av dei første innlegga her på bloggen (i januar 2005) handla om Israel og dei palestinske områda. Då skreiv eg blant anna:

Eg har funne at mitt engasjement for Israel høyrer heime i Den Norske Israelsmisjon. Det er ein organisasjon som først og fremst er opptatt av å fortelja det jødiske folket om Jesus, og forkynna at Han er den Messias dei ventar på. Dessutan er det ein organisasjon som er opptatt av forsoning mellom jødar og palestinarar. Og det er ein av dei organisasjonane som arbeider innanfor Den norske kyrkja og som samarbeider med kyrkja.

På landsmøtet skal me drøfta mål og strategiar for dei neste 10 åra, me skal ha val, bibeltimar, seminar, turar i distriktet, sosiale samlingar og gudsteneste. Det er eigne samlingar for barn og unge. Eg har sjølv vore med og planlagt arrangementet, og meiner me har sett saman eit bra program. Nå ser eg fram tid desse dagane og nøler ikkje med å seia: Eg gleder meg!

Les meir om landsmøtet på nettsidene til Israelsmisjonen og return2sender.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: