Kartveit om politisk arkeologi

Professor Magnar Kartveit, MHS, har i dag (17.06.2010) ein kommentarartikkel i Stavanger Aftenblad (papiravisa) om politiseringa av arkeologien i Israel. Han brukar arkeologen Eilat Mazar sine funn (her), som veldig tydeleg og truleg ganske ukvalifisert blir knytt til kong David, som eksempel. Samtidig refererer Kartveit til korleis ein annan kjent israelsk arkeolog, Israel Finkelstein, tenkjer heilt annleis om desse funna og om Jerusalems historie i gamaltestamentleg tid.

Eg vil ikkje utgje meg for å vera fagmann på dette feltet. Og mine tankar om Mazar og Finkelstein har ingen tyding i den store samanhengen. Men eg tenkjer nok at det er relativt trygt å plassera seg ein stad mellom desse to i tolkinga av dei arkeologiske funna i Davidsbyen.

Kartveit er kritisk til politiseringa av arkeologien. Her er nokre sitat frå artikkelen:

Arkeologi er politikk i Jerusalem

(…)

Slike funn er viktige i statsbygginga av Israel. Mange sionistar støttar seg på Bibelen, men arkeologiske funn er like viktige. Som den samaritanske kvinna sa det: Fedrane våre tilbad på dette fjellet.

(…)

Ein boikott ville svekka den seriøse arkeologien eller driva han i armane på dei høgre-orienterte.

(…)

Palestinsk arkeologi har så vidt kome i gang, og ein kan rekna med at den også vil leita etter røter. Kven leitar dei etter? Finkelstein seier at dei første israelittane var kanaanearar. Så kanskje palestinarane vil koma til at dei første palestinarane var israelittar? Frå kvar sin kant vil dei grava seg fram til sanninga. Og brått kan dei stå ansikt til ansikt. Det kan bli steinløye.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: