Kystpilegrim

Eg er kystpilegrim for nokre dagar. Eller kanskje det er rettare å seia at eg er på tur i pilegrimars kjølvatn. Saman med kollegaer reiser eg nordover langs kysten frå Stavanger.

Me reiser med offentleg kommunikasjon det meste av turen. Akkurat nå sit eg på rutebåten mellom Gulen og Selje.

Turen starta med morgonsong tidleg i går i Bispekapellet i Stavanger (bildet). Undervegs er me innom Avaldsnes, Moster, Bergen, Gulen og Kinn før me når målet vårt, klosterruinane på Selje. Det vil seia, Kinn skal me av praktiske grunnar innom på heimreisa. Hadde me hatt meir tid til disposisjon, hadde me nok lagt ut på heile kystleia fram til Trondheim og Nidarosdomen. Den siste etappen får venta til ein annan gong.

Turprogrammet vårt inneheld stopp på viktige stadar frå den eldste kristne tida i Norge. Kvar dag har me små pilegrimsgudstenester i kyrkjer me er innom. Elles har jo også det å reisa saman ein eigenverdi. Her er det rom for mange gode samtalar og spennande opplevingar.

Første stopp var Olavskyrkja (bilde 2) som blei bygd av kong Håkon Håkonsson ca 1250 på den gamle kongsgarden Avaldsnes ved Karmsundet. Denne kyrkja var eit lokalt pilegrimsmål i mellomalderen, og i vår tid har kyrkjelyden tatt opp tradisjonen og arrangerer lokale pilegrimsvandringar rundt Olsok. Bildet viser kyrkja med den spesielle bautasteinen Jomfru Marias synål, som er over sju meter høg og som lener seg inn mot kyrkja. Eit gamalt sagn seier at det blir dommedag den dagen steinen kjem borti kyrkja. Det blir også sagt at enkelte prestar av den grunn har gjort sitt for at steinen ikkje skal berøra kyrkja!

Godt skjult i terrenget nedanfor kyrkja ligg det moderne Nordvegen Historiesenter. Her på Avaldsnes ved Karmsundet finn me faktisk opphavet til namnet Noreg/Norge.

Neste stopp var Gamle Moster kyrkje og Moster Amfi. Kyrkja her skal visstnok vera den eldste i landet og det var her det var stort tusenårs-jubileum for kristendommen i Norge i 1995. Og så kom me fram til Bergen som var første overnattingsstad. 

I skrivande stund sit eg som nemnt på båten nordover frå Gulen. Det er kveld nå, og eg har hatt ein interessant dag i Gulen. Eg kom dit i føremiddag og gjekk først langs Nordsjøløypa frå kaia i Sollibotn og inn til Eivindvik. Soknepresten og kulturkonsulenten hadde vidare lagt opp eit innhaldsrikt program for oss. Tidlegare har eg bare kjent stadnamnet Eivindvik gjennom Henrik Wergeland sitt dikt om staden. Derfor var det kjekt å få plassert bygda på kartet inne i hovudet mitt, – og dessutan få eit innblikk i Eivindvik si historie og store tyding for heile landsdelen.

Her låg Gulatinget, det eldste utgangspunktet for demokrati og lovgjeving i landet vårt. Dette tinget hadde også ein funksjon i kristningsprosessen. Kristenretten i Gulatingslova formulerer seg blant anna slik:

Det er opphavet til lovene våre at vi skal bøya oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og fred og om at det at vi kan halda landet vårt busett og landherren (dvs kongen) vår heil. Han vere vår ven, og vi hans, og Gud ven med oss alle.

Me har fått laga oss eit pilegrimspass som er tilpassa turen langs kystleia frå Stavanger til Nidaros. Hittil har eg fått passet mitt stempla med kyrkjelege stempel i Stavanger domkyrkje, Avaldsnes og Gulen. I Moster fekk eg signatur av ho som tok i mot oss på historiesenteret. I Bergen, der me hadde oss ein tur på byen og blant anna såg på staden der Kristkyrkja låg i middelalderen, har eg stempel frå Egon Restaurant. Dermed inneheld altså pilegrimspasset også eit minne frå den meir sosiale delen av turprogrammet!

(Notatet er oppdatert 30.05.2010)

2 svar til Kystpilegrim

  1. Wenche seier:

    Dette høyrest kjekt/interessant/gjevande ut! Kva slags tur er det? Kven organiserer? Er det gruppereise for kven som helst eller privat initiativ?

  2. Arne seier:

    Turen eg deltar på, er for ei slutta gruppe. Men det er truleg mogleg for andre å gjera ei liknande reise i sommar, for Utstein Pilegrimsgard annonserer på nettsida si at dei planlegg ein pilegrimstur langs kystleia i siste del av juli.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: