Nynorskjubileum

I dag er det 125 år sidan landsmålet blei jamstelt med det almindelige Skrift- og Bogsprog. Vedtaket blei gjort i Stortinget 12. mai 1885 og her blir målforma kalla det norske Folkesprog.

Eg markerer jubileet her på bloggen med eit utdrag frå ein kronikk av Berit Rekve i Aftenposten i går:

Meirspråkleg glede

«Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» 78 røysta for, 31 mot. Landsmålet, seinare omdøypt til nynorsk, vart eit offisielt skriftspråk i Noreg.

I 1885 var motstanden mot landsmålet stor. Det var berre 12 år etter at Ivar Aasen gav ut Norsk Ordbog, og det «nye» norske skriftspråket var enno ikkje tatt i bruk av mange. Noreg, nær 100 år før oljeeventyret, var heller ikkje noko rikt land. Likevel gjorde Stortinget med stort fleirtal det demokratiske prinsippvedtaket om å gjera den norske språkarven, slik han hadde nedfelt seg i målføra, til offisielt skriftspråk i landet. Det fortel oss at det ikkje var noka småskore forsamling som gjorde jamstellingsvedtaket.

(les meir)

(via Anders Aschim på Facebook)

One thought on “Nynorskjubileum”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.