Svarte og kvite sørafrikanarar

Framleis store skilnadar mellom folkegruppene i Sør-Afrika

Eg har fått spørsmål det verkeleg er slik at det er svarte, farga og kvite kyrkjelydar i dagens Sør-Afrika, etter det eg har skrive (f eks her) om studieturen til Stellenbosch. Dette er skrive i 2010. Er verkeleg ikkje apartheid avvikla?

Eg skal ikkje gje meg ut for å vera spesialist på Sør-Afrika etter eit besøk på tre veker. Men eg har i alle høve sett og forstått at landet står overfor store utfordringar. Sjølv om heile befolkninga i landet i prinsippet nå har like rettar, lever dei ulike folkegruppene ved sidan av kvarandre, i stor grad også utan å vera i reell kontakt. Dette gjeld heile samfunnet, også i kyrkjeleg samanheng.

Toril Risholm skildra nyleg situasjonen slik (Stavanger Aftenblad, papiravisa 30.04.2010):

20 år etter at apartheid ble opphevet i Sør-Afrika, lever det fortsatt videre i beste velgående – ikke på papiret, men inne i hodene på folk.

Det kan godt vera at det er rett å seia det så sterkt. Men eg vil også ha sagt at eg møtte kvite som, så langt eg kunne bedømma, verkeleg hadde tatt eit oppgjer med fortida si og som nå ønskte å gjera ein forskjell. Eg tenkjer spesielt på nokre av teologane eg hadde kontakt med på det teologiske fakultetet på Universitetet i Stellenbosch.

Me skal også huska at 20 år ikkje er så lang tid i det store perspektivet, når det dreier seg om å endra eit heilt samfunn. Det er mange hinder for endring, blant anna ein så grunnleggjande ting som at det er mange språk i landet. I Western Cape, der eg var, har dei kvite afrikaans og dei svarte xhosa som morsmål.

Studieturen vår var lagt opp i samarbeid med eit reformert senter for kyrkjelydsutvikling. Dermed er det først og fremst reformerte kyrkjer eg kan seia noko om. Etter apartheidtida gjekk den farga og den svarte reformerte kyrkja saman til Uniting Reformed Church in Southern Africa (URC). Dei kvite kyrkjelydane dannar framleis Dutch Reformed Church (DRC). Det pågår eit arbeid for å slå saman dei to kyrkjesamfunna, men prosessen har vist seg vanskeleg. Eg skulle ønskt at dette hadde vore gjennomført, slik at eg kunne seia at den kyrkjelege prosessen låg i forkant av samfunnsutviklinga. Eg må dessverre konstatera at det ikkje er tilfellet.

Men eg såg nokre lyspunkt. Eg var gjest i ein kvit DRC-kyrkjelyd i utkanten av Hermanus ei helg. Leiarane i kyrkjelyden var klar over at dei kunne leva liva sine utan å tenkja på dei svarte og farga samfunna som eksisterer like i nærleiken. Derfor var det oppmuntrande å sjå at den kvite kyrkjelyden bevisst arbeidde med å motverka ein slik tendens. Dei ønskte ein nærare kontakt med kyrkjelydane i URC og med befolkninga i townshipane (slumområda). I programmet for besøket mitt var det fleire kontaktpunkt med den svarte xhosa-befolkninga i Zwelihle township. Og den kvite kyrkjelyden hadde invitert presten i URC-kyrkjelyden her til å vera predikant denne helga, uavhengig av mitt besøk.

Presten i kyrkjelyden eg besøkte, tok med meg til Enlighten Education Trust, eit humanitært barne- og ungdomssenter som ligg like ved innfartsvegen til Zwelihle. Her blei eg tatt i mot av ein representant som hadde ansvar for senteret sitt ungdomsprogram. Han fortalte om utfordringane for dei unge i townshipen og om senteret sitt arbeid, – og tok meg med på ein tur rundt i dette slumområdet. Dagen etter var eg på ny inne i townshipen. Då besøkte me Hou Moed Center (Hou Moed – “ver frimodige”, henta frå Joh 16,33), eit kristent senter for barn. Her blei det drive førskule og ulike aktivitetar i eit trygt miljø for skulebarn etter skuletid.

Zwelihle township er eit fattig, svart samfunn. Sør-Afrika er eit land med svært store forskjellar mellom fattige og rike, kanskje det landet med størst forskjellar. Men det er også slik at nokre svarte og farga i løpet av dei 20 åra som har gått etter at apartheid-lovene blei oppheva, har fått betre økonomi og kome inn i det me kan kalla ein middelklasse. I artikkelen i Aftenbladet blir forskaren Liv Tørres sitert på at Sør-Afrika i løpet av desse åra har gått frå å vera eit rasedelt samfunn til eit klassedelt samfunn.

Det er lett for oss nordmenn å kritisera det sørafrikanske samfunnet for at ein ikkje har greidd å gjera meir med forskjellane mellom folkegruppene. Eg vil likevel seia at ein slik kritikk, om me ser saka i globalt perspektiv, slår tilbake på oss sjølve.  Forholdet mellom rike og fattige som lever ved sidan av kvarandre, utan å vera i reell kontakt, er i eit globalt perspektiv like mykje vårt problem og vår utfordring.

Èitt svar til Svarte og kvite sørafrikanarar

  1. Interessant å lese!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: