Fiskeforbod i Gennesaretsjøen

Alt fiske i Gennesaretsjøen er nå (04.05.2010) stoppa for ein periode på to år. Dette skjer fordi fiskebestanden har gått dramatisk ned dei siste åra. Det er truleg problem både med overfiske og med lite vatn i innsjøen.

Vårt Land skriv i dag:

Stopper alt fiske i bibelsk innsjø

(…) Chaim Anjioni, direktør- for fiskeri i landbruksdepartementet begrunner forbudet med at fiskebestanden er kritisk lav.

– Vi er like før en katastrofe, derfor har vi gjort vedtaket om å stoppe alt fiske. Vi må gi små fisk muligheten til å vokse, og dermed øke fiskebestanden og gi sjøen mulighet til å komme seg igjen, sier han.

Den vanligste fisken i sjøen er St. Petersfisken, som har fått navnet sitt fordi en historie forteller at St. Peter plukket en gullmynt ut fra munnen på en slik fisk. Men de senere årene er det blitt stadig færre slike fisker. Før 2005 ble det årlig fisket 295 tonn St. Petersfisk her. I 2009 var fangsten sunket til åtte tonn.

Avsnittet om St. Petersfisken forklarar det spesielle namnet med ei “historie” om St. Peter og ei gullmynt. Eg er usikker på om det er den israelske fiskeridirektøren eller journalisten som her uttaler seg litt omtrentleg. Det var Jesus som sa til Peter at han skulle finna ein mynt i munnen på ein fisk. Det dreier seg om ei underleg forteljing frå Kapernaum, Jesu heimby ved Gennesaretsjøen. Her er forteljinga slik me finn den i Matteusevangeliet (men her med ein sølvmynt):

Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, bort til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til tempelet?» «Jau, det gjer han,» svara Peter. Då han kom heim, spurde Jesus, før Peter hadde sagt noko: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av borna sine eller av framande?» «Av framande,» svara Peter. «Så går borna fri då,» sa Jesus. «Men vi vil ikkje støyta dei; difor skal du gå ned til sjøen og kasta ut eit snøre. Ta den første fisken du får, og når du opnar gapet på han, finn du ein sølvmynt. Ta den og gjev han til dei for meg og deg.» (Matt 17,24-27).

Èitt svar til Fiskeforbod i Gennesaretsjøen

  1. […] Sjå også tidlegare notat om fiskeforbod i sjøen frå 2010 her. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: