VM i sørafrikanske kyrkjer

“Fotball-VM kan bli ein stor fest for landet vårt. Men det er eit stort MEN …”

Slike formuleringar høyrde eg i preika begge dei to søndagane eg nyleg var på gudsteneste i Sør-Afrika, ca to månadar før fotball-VM vil setja sitt preg på landet. Det er visstnok venta opp mot 400.000 tilreisande i samband med arrangementet. Kva tankar er det som gjer at sørafrikanske prestar nå tar opp dette som tema i forkynninga si?

Den eine søndagen deltok eg i gudstenesta i ein kvit reformert kyrkjelyd i utkanten av Hermanus. Denne søndagen hadde dei invitert ein svart prest frå kyrkjelyden i townshipen like ved, som forkynnar. Han sa at VM kunne bli ei velsigning for landet og at dei kristne kunne vera med og gjera dette til noko flott. Men han tok også opp problemet med at det var folk som ville organisera prostitusjon under arrangementet og at fotball-VM slik kunne bli øydeleggjande for mange sørafrikanske kvinner. “Dette er ikkje etter Jesu vilje”, understreka han.

Den neste søndagen deltok eg i gudstenesta i ein farga luthersk kyrkjelyd i utkanten av Cape Town. Presten her tok også opp fotball-VM i preika. Han var bekymra for to ting. Det eine var at unge i bydelen skulle trekkja inn mot sentrum under det store arrangementet. Det andre var konsekvensane av at skuleferien ville bli utvida i samband med VM. “Barna her går ikkje bare på skule for å læra, men også for å få mat!” Han var redd mange barn ville sulta i den lange ferien fordi dei ikkje fekk det viktige daglege måltidet på skulen. Han oppfordra derfor kyrkjelyden til å vera med i ein ekstra diakonal innsats i lokalmiljøet i den komande perioden.

Gjennom to tilfeldige preiker to søndagar i april 2010 fekk eg her eit lite innblikk i at den komande fotballfesten, sett med lokalbefolkninga sine auge, ikkje bare er ein fest.

3 svar til VM i sørafrikanske kyrkjer

  1. Wenche seier:

    Takk for dette innblikket!

  2. Heidi seier:

    Interessant.

  3. […] at det er svarte, farga og kvite kyrkjelydar i dagens Sør-Afrika, etter det eg har skrive (f eks her) om studieturen til Stellenbosch. Er ikkje apartheid […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: