Påskemåltid med djupe røter

I kveld skal eg vera med og feira eit kristent påskemåltid i bibelsk-jødisk tradisjon. Måltidet inneheld mange symbolske rettar i tillegg til eit godt og sosialt middagsmåltid. Me les tekstar, høyrer historier, syng salmar og feirar nattverd saman.

Eg har vore med og feira dette måltidet tidlegare og ser fram til kvelden som ein viktig del av påskeførebuinga mi. Påskemåltidet er også viktig for meg fordi det formidlar bibelske samanhengar som ikkje er så godt kjent, heller ikkje blant aktive bibellesarar.

Jesus og disiplane var samla til påskemåltid i Jerusalem. Dei feira måltidet etter den orden som det jødiske folket gjennom generasjonar før dei hadde følgt. I dette måltidet var det Jesus tok brødet og vinen og innstifta nattverden. Når me kristne feirar påskemåltid med utgangspunkt i dette bibelsk-jødiske måltidet, er det to store forteljingar som pregar innhaldet i kvelden; både den grunnleggjande påskeforteljinga om då Moses leia israelsfolket ut av Egypt og den grunnleggjande kristne forteljinga om då Jesus sona synda i verda gjennom sin død og si oppstode i påsken.

Måltidet blir også kalla sedermåltidet (hebraisk: seder = orden). Sentralt i måltidet er sju symbolske rettar. Programmet for måltidet følgjer hagaddah (hebraisk: hagaddah = forteljinga, dvs påskeforteljinga) og er bygd opp omkring fire beger vin knytt til livet, frelsa, velsigninga og håpet. Hovudmåltidet kjem mellom andre og tredje beger. Det var det tredje begeret, velsigningsbegeret, Jesus nytta då han innstifta nattverden: Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: Dette begeret er den nye pakta i mitt blod (1. kor 10,25).

Påskemåltidet i kveld skal vera i kyrkja vår her på Bryne. Det er ca 45 påmeldte til kvelden. Eg skal leia måltidet, som blir arrangert av misjonsutvalet i kyrkjelyden. Bryne kyrkjelyd har eit misjonsprosjekt knytt til Den Norske Israelsmisjon og overskotet etter kvelden går sjølvsagt til dette prosjektet. Eit påskemåltid kan feirast i kyrkjelyden eller i heimen, med eller utan nattverd og med få eller mange deltakarar.

Den som vil setja seg inn i feiringa av påskemåltidet, kan finna konkret hjelp her. Du kan gå enda grundigare inn i saka ved å gå til biblioteket og låna boka Åtte dager i Jerusalem av Ole Christian Kvarme.

2 svar til Påskemåltid med djupe røter

  1. […] Les tidlegare bloggnotat: Getsemane og Oljeberget, Påskemåltid med djupe røter. […]

  2. […] Sjå og notata Påskemåltid med djupe røter og Morgenbladet om […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: