Klimaet på Jesu tid III

Eg har tidlegare skrive eit par notat om klimaet på Jesu tid (her og her). Utgangspunktet var den amerikanske professoren som hadde kome på den festlege ideen at Jesus ikkje gjekk på vatnet, men på isen.

Eg har nyleg kome over noko den norske professor Sigmund Mowinckel skreiv i boka Palestina før Israel (1965). Eg fann boka i eit antikvariat i Oslo for nokre veker sidan. Boka handlar eigentleg om landets forhistorie og om kanaaneisk religion, men det Mowinckel skriv om klimaet i innleiingskapitlet, er av interesse også for nytestamentleg tid. Han meiner at klimaet i regionen i større eller mindre grad har vore stabilt gjennom dei siste årtusen, berre med mindre svingningar.

Nå er sjølvsagt ikkje Mowinckel (1884-1965) heilt oppdatert, men han er framleis ein forskar ein bør lytta til når det gjeld GT, og særleg Salmane. Kor vidt han hadde sjølvstendig kompetanse på det klimatiske, veit eg ikkje. I Klimaet på Jesu tid II skreiv eg derimot om pågåande forskning som truleg har noko kvalitativt nytt å seia oss om saka.

Men tilbake til Mowinckel, som skriv om klimaet og landskapet:

Klimaet har selvsagt vært utsatt for visse svingninger i løpet av de siste årtusener. Likesom vi i Norge hadde en betydelig varmere periode i bronsealderen, og også i historisk tid har efterretninger om kortere kaldere og varmere perioder, med f. eks. fremrykning og tilbaketrekning av isbreene, således har der sikkert vært tilsvarende periodesvingninger også i Palestina. Noget nærmere om dette vet vi imidlertid ikke. Og i det store og hele har klimatypen efter alt å dømme vært den samme siden avslutningen av diluviumperioden, efter det som svarer til den postglaciale tid efter siste istid her hos oss. Den karakter som dette klimaet har gitt landet, det som man har kalt “Palestinas urlandskap” var derfor den samme som den de første mennesker forefant da de slo sig ned der. De forandringer som siden har funnet sted, kan nok ha vært påvirket av de mindre svingninger i klimaet, men like meget turde de skyldes menneskenes direkte og indirekte inngrep i naturen. På den annen side har selve den opprinnelige karakter av “urlandskapene” bestemt mulighetene for de forskjellige typer av menneskelig bosetting og virksomhet og kultur i et land og dermed arten og graden av deres inngrep i naturen og i landets utseende.

Ved uttrykket Palestinas urlandskap er det ein note som viser til artikkelen Palästinas Urlandschaft av R. Gradmann i Zeitschrift des Deutschen Palästinavereins 57, 1934, s 161 ff.

Sjå også eit tidlegare notat relatert til Sigmund Mowinckel her.

Èitt svar til Klimaet på Jesu tid III

  1. […] Dei romerske soldatane som beleira Masada i år 73, måtte skaffa trevirke frå andre stadar. Dei kunne ikkje finna det dei trong i ørkenen nede ved Dødehavet. Dette kan verka opplagt. Men det kan nå slås fast på bakgrunn av forsking ved Haifa Universitet. Forskinga seier dermed noko om at klimaet ikkje var så annleis den gong enn det er i dag. Dette notatet kan dermed vera med og fylla ut det eg tidlegare har skrive om klimaet på Jesu tid. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: