Torleif Elgvin kjem til Bryne

Torleif Elgvin kjem til Bryne kyrkje 23.-24. januar 2010. Eg ser fram til ei helg med interessant forkynning og undervisning, og vil gjerne invitera lokale lesarar til kyrkja denne helga. Han er nok mest kjent som forskar på Dødehavsrullane, men har også ei fortid som misjonær i Jerusalem for Israelsmisjonen. Sjølv skal eg vera med som møteleiar på seminaret og misjonsmøtet.

Laurdag 23.01 kl 14-16: seminar med tema

  • Jødisk lys over Hebreerbrevet og Johannes åpenbaring
  • Jesus i møte med jødiske grupper og autoriteter

Søndag 24.01

  • kl 11: preike på gudstenesta
  • kl 19: tale på misjonsmøte for Den Norske Israelsmisjon

Torleif Elgvin har som nemnt vore misjonær for Israelsmisjonen. Han var då leiar for Caspari Center i Jerusalem. I dag er han førsteamanuensis ved Høgskolen i Staffeldtsgate i Oslo. Det er lokale kontaktpersonar for Den Norske Israelsmisjon på Jæren som har invitert han til denne helga.

Her er lenke til ein artikkel Torleif Elgvin har skrive om Dødehavsrullane på nettstaden Tro og tvil: Dødehavsrullene og menigheten bak dem.

Oppdatering søndag kveld: Det blei verkeleg ei interessant helg med grundig undervisning og forkynning. Eg har fått mykje å arbeida vidare med.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: