Enklare nynorsk

Det skal bli enklare å skriva nynorsk, melder Språkrådet. Derfor er det oppnemnt ei

“rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Den nye norma skal erstatta dagens norm. Arbeidet skal vera ferdig 15. mai 2011 etter ein open og inkluderande prosess.”

Det er visst mange som slit med nynorsken. Sjølv har eg gått den motsette vegen av det vanlege. Eg vaks opp med bokmål som skriftspråk. Ungdomsopprøret mitt bestod i at eg som gymnasiast gjekk over til å bruka nynorsk med utgangspunkt i slagordet Snakk dialekt, skriv nynorsk. Dette var ikkje eit heilt vanleg val i Stavanger, heller ikkje på den tida.

Eg håper arbeidet med å gjera det enklare å vera nynorskbrukar, vil lukkast. Eg må likevel seia at eg er spent på resultatet. Sjølv likar eg svært godt å skriva nynorsk, men då helst i ei form som er nær den rogalandske dialekten min. Derfor er det spennande kva som blir resultatet, når norma …

… skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.

(via BlixBlog)

2 svar til Enklare nynorsk

  1. Wenche seier:

    Eg må seia eg har lurt på det, korleis det kan ha seg at du er så god nynorskbrukar. Nå veit eg det.🙂
    Sekretæren for nemnda, Aud Søyland, er rogalending, frå Gjesdal. Ho lovar å sikra a-infinitiven og “me”. Eg legg Bibelen til grunn og kunne tenkt meg a-infinitiv som eineform. – I protest mot Samlaget og alle andre forlag som har fjerna han frå skulebøkene.

  2. Arne seier:

    Dette var positive signal! Me får håpa sekretæren ikkje har tatt munnen for full.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: