Muter

Er mute eit ord som er kjent og forståeleg på moderne norsk? Eg tvilar på det, sjølv om ordboka fortel at dette er eit ord som finst både på nynorsk og bokmål, og det både som verb og substantiv.

I kveld (18.11.2009) har eg sett på nokre tekstar i 5. Mosebok. Eg har blant anna samanlikna nokre tekstar i Bibelen min (1978/85-utgåva) og i prøveteksten til den nye bibelomsetjinga.

Her er eit avsnitt henta frå prøveteksten til den nye omsetjinga:

I alle dei byane Herren din Gud gjev deg, skal du setja inn dommarar og tilsynsmenn for stammane dine, og dei skal dømma folket med rettferdige dommar. Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot muter, for mutene gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett. Rettferd, ja, rettferd skal du jaga etter. Då skal du få leva og ta i eige det landet som Herren din Gud gjev deg. (5. Mos 16,18-20)

Ordet mute er ei omsetjing av det hebraiske shokhad. På bokmål nytter ein her ordet bestikkelser som er eit godt og forståeleg ord. På nynorsk held altså bibelomsetjarane på ordet mute. Eg syns ikkje me skal gå inn i framtida med eit så konservativt nynorsk bibelspråk. Kan me ikkje omskriva det med så enkle og forståelege ord som hemmelege gåver?

Mitt forslag til omsetjing av den aktuelle setninga i 5. Mos 16,19 blir då:

Du skal ikkje ta imot hemmelege gåver, for slike gåver gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett.

Kva seier du, Anders?

Oppdatering 19.11.2009:

Eg har i dag testa ordet på venner og familie. Eg har ikkje truffe nokon som veit kva muter betyr. I lunchen avslørte eg tydinga av ordet og testa ut forslaget om å omsetja det med hemmelege gåver. “Men dette har ikkje nødvendigvis den same negative klangen som bestikkelser“, var reaksjonen eg fekk. Me prøvde oss fram med ulike uttrykk, – og det beste (og mest folkelege) forslaget var nok “du skal ikkje ta imot smøring”. Konklusjonen rundt lunchbordet var at det må vera mogleg å finna ei god omskriving av setninga. Her har Bibelselskapet ein jobb å gjera!

4 svar til Muter

  1. Eg såg posten torsdag, Arne, men det har vore travelt, så eg svarer først i dag. Eg har gjort ein del nøkkelpersonar i bibelomsetjinga merksame på innlegget ditt. Det korte svaret er at vi har òg identifisert problemet og drøfta ulike framlegg. Det lange svaret finn du under. Du og lesarane dine er velkomne i debatten. Send meg gjerne ein mail.

    Her er nokre løysingar vi prøver ut (STORE BOKSTAVAR representerer det hebr. ordet sjochad – “bestikking, mute”:

    2 Mos 23,8:
    Du skal ikkje ta imot PENGAR UNDER BORDET! For SLIKE GÅVER gjer den klårsynte blind og øydelegg saka for den rettferdige.

    Kommentar: Både “pengar” og “bordet” er problematiske innanfor ei gamalhebraisk kulturell referanseramme, men dei kommuniserer presist med vår tid.

    Job 15,34:
    elden øyder telta til dei som LÈT SEG KJØPA

    Salme 15,5:
    Han LÈT SEG IKKJE KJØPA til skade for ein skuldfri Hebr. begge stader “tek (ikkje) imot sjochad

    Kommentar: Dette fungerer ganske bra, men slike uttrykk er litt lettare å få til enn dei vi har i lovtekstane.

    Ordt 6,35:
    STIKK DU TIL HAN store SUMMAR, tek han ikkje imot

    Ordt 17,23:
    Gudlaus tek imot GÅVER frå lomma …

    Kommentar: eller for å vere meir kulturelt presis: “frå kappefalden”

    Ordt 21,14:
    BESTIKKING i lomma stiller stor harme

    Kommentar: Denne teksten er ikkje vedteken av Omsetjingsutvalet, men omsetjarane ønskjer å få prøvd om ordet kan aksepterast som bibelord. Be-ord har vanskeleg for å kome gjennom nålauget, og eg skal ikkje spå om utfallet.

    Jes 5,23:
    som frikjenner den skuldige for PENGAR og tek retten frå den rettferdige

    Esek 22,12:
    Hos deg tek dei liv for BETALING.

    Mika 3,11:
    Hos deg tek dei liv for BETALING.

    Kommentar: Ja, be-ordet “betaling” har passert nålauget.

    Generell kommentar: Dette er eit godt døme på prosessen vår. Som ein ser, vi har òg identifisert problemet, og ulike omsetjarar har levert ei rad kreative framlegg til løysingar. I neste fase kjem vi nok til å redusere variantane. Det er ikkje sikkert vi kan nøye oss med éi omsetjing av sjochad, men to-tre burde vere nok.

  2. Arne seier:

    Takk for grundig og interessant kommentar, Anders. Eg har stor respekt for arbeidet de gjer med omsetjinga. Eg meiner at Bibelselskapet uansett bør bort frå å nytta ordet muter, også når andre løysingar ikkje blir opplevd optimale. Når det gjeld ordet “bestikking”, tenkjer eg det kan vera greitt å pressa nynorsk språkkjensle noko og godta dette der de ikkje finn andre løysingar.

  3. Heidi seier:

    Bare eit apropos… I sist veke hadde eg om profeten Jeremia i 7.klasse, og i læreboka i rle brukte dei ordet muting om å betala dommarane for å gje dei rike retten til dei fattige si jord. Me snakka om dette ordet i klassen, og elevane brukte ord som bestikkelser og korrupsjon. Ordet mute var heilt ukjend for meg og, så det var eit merkeleg samantreff at du tok det opp akkurat nå. Eg er samd med deg. Me må ikkje gjera bibelspråket så innvikla at folk ikkje forstår det utan leksikon.

  4. […] Eg skreiv for eit par år sidan om kor vanskeleg det var for Bibelselskapet å finna eit godt nynorsk ord som kunne tilsvara bokmålsordet bestikkelser i arbeidet med Bibel 2011, sjå notatet Muter. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: