Biskop Thomas frå Egypt

Biskop Thomas, foto ved NMIOEg møtte den koptisk-ortodokse biskop Thomas då eg var på studietur til Egypt i fjor. Han var ein utruleg spennande mann som eg fekk stor respekt for. Då eg kom heim, skreiv eg slik her på bloggen:

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest for meg når eg nå ser tilbake på turen. Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft.       (Les meir)

Biskop Thomas kjem hit til Rogaland i perioden 8.-13. september 2009.  Eg vil anbefala lesarar som bur her i distriktet, å koma på ei eller fleire av samlingane der han skal delta. Tysdag 8. september kl 19.30 kan du møta han på kulturkveld i Bryne kyrkje. Dei andre kveldane den veka deltar han på tilsvarande samlingar i andre kyrkjer i distriktet.

Les om besøket (og sjå heile programmet) på Stavanger bispedømme si heimeside, der han blir omtalt som “en sterk og visjonær kirkeleder for den koptisk-kristne befolkningen i Egypt”:

På fire Egypt-kvelder vil biskop Thomas dele sine tanker om hva det vil si å følge Jesus Kristus og fortelle om situasjonen i Egypt.

Biskopen ble først utdannet som veterinær og senere psykolog, men ble munk i 1983 og presteviet i 1987. Året etter, 31 år gammel, ble han vigslet til biskop for El-Qussia og Mair i øvre Egypt. Under stor personlig risiko har han gjennom disse årene kjempet for religionsfrihet og menneskerettighetene i sitt hjemland. (Les meir)

Èitt svar til Biskop Thomas frå Egypt

  1. […] Thomas, som eg fleire gonger tidlegare har nemnt her på bloggen (her), meiner at dei kristne er sterke og […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: