Arkeologisk falskneri

Det er mange som er opptatt av arkeologiske funn som kan knytast til Bibelen. Derfor er det også marknad for falskneri på dette området. Professor Magnar Kartveit, Misjonshøgskolen, skriv i dag (08.08.2009) om problemet i kommentaren Sann, sannare, sannast? i Stavanger Aftenblad (papirutgåva).

Han nyttar den kjende saka om steinkista med inskripsjonen “Jakob, son av Josef, Jesu bror” som eksempel. Her er antikvitetshandlaren Oded Golan i Tel Aviv tiltalt for å ha skrive denne inskripsjonen inn på ei gamal steinkiste for å gjera den (mykje) meir verdifull. Det viser seg vanskeleg å få han dømt:

I 2004 vart difor Oded Golan tiltalt for falskneri, og i 2005 vart rettssaka opna. Fleire andre vart også tiltalte, og Dorfman såg for seg opprulling av eit heilt nettverk av forfalsking, tjuveri, svarte pengar og luring av godtruande kunstsamlarar, museum og fagfolk. Etter årevis med rettargang, 100 vitne og 10.000 sider rettsprotokoll truar saka med å bli ein fiasko for Dorfman, staten Israel og dei statlege instansane.

Forklaringa på dette er enkel. Ved ei rettssak er den tiltala uskuldig inntil det er lagt fram fellande prov og domen er rettskraftig. Golan har hatt dyktige juristar som har klart å så tvil om alle bevis, og aktoratet sitt kronvitne, ein egyptisk handverkar som truleg har utført forfalskingane, nekta å koma til Jerusalem. Dermed kan ikkje staten Israel bevisa at Golan har utført eller bestilt forfalskingsarbeidet. Tvilen kjem tiltalte til gode.

Sjå også filmen Cool Jobs: Forgery Expert

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: