Utgravingar på Sionshøgda

Det er nyleg funne eit steinkar med ca 2000 år gamal arameisk eller hebraisk skrift i Jerusalem. Funnet blei gjort i dei arkeologiske utgravingane på Sionshøgda like utanfor Gamlebyen, der arbeidet denne sesongen nå er avslutta. Arkeologane opplever funnet som svært interessant, men teksten som kryptisk, og dei har naturleg nok bede om hjelp frå andre faggrupper til å tolka den.

Steinkaret er kanskje noko tilsvarande dei som er omtalt i NT, i forteljinga om bryllupet i Kana:

No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. (Joh 2,6-7)

Nettsida Dig Mount Zion har mykje informasjon frå staden, blant anna kart og bilete, og ei pressemelding om funna denne sommarsesongen (sjå nedanfor). Bloggen TaborBlog, som blir skriven av ein av arkeologane i prosjektet, har også mykje stoff om desse utgravingane.

Steinkaret med den gamle teksten får sjølvsagt hovudoppslaget i pressemeldinga og i dei utallige presseoppslaga som har følgt i kjølvatnet av offentleggjeringa. Men dei andre funna som blir nemnte, er også interessante:

  • eit bygningskompleks frå det andre templet si tid, dvs frå Jesu tid, med bl a reiningsbad og omnar for brødbaking. Denne bydelen (“Øvrebyen”) var truleg bydelen der presteskapet og saddukearane budde.
  • ein bygning med mosaikkgolv frå bysantinsk tid, Jerusalems kristne periode (ca 325-638). Det blir antyda at bygningen kanskje har hatt  samanheng med Neakyrkja. Det er tidlegare gjort få funn med tilknyting til denne store kyrkja frå 500-talet.

Her er pressemeldinga om 2009-sesongen:

A Unique Inscription from Second Temple Times Found in Jerusalem

A unique ten-line inscription on the side of a stone cup commonly used for ritual purity during the first century CE was recently uncovered in archaeological excavations conducted this summer on Mount Zion in Jerusalem. Inscriptions of this kind are extremely rare and only a handful has been found in scientific excavations made within the city.

The new inscription from the first century CE is presently being deciphered by epigraphic experts in an effort to determine the meaning of the text, which is clear but cryptic. The dig also produced a sequence of building remains dating from the history of Jerusalem, from the First and Second Temple periods through to Byzantine and Early Islamic periods.

From the Second Temple period archaeologists uncovered a house complex with an mikve (purification pool) with a remarkably well preserved vaulted ceiling. Inside this house were three bread ovens with a level of burning dating from the year 70 CE when Titus and the Roman troops stormed the city. Archaeologists believe that this area of the Upper City of Jerusalem served as the priestly quarter of Jerusalem during Second Temple times. In support of this were interesting finds including an ornate window screen made of stone. Ten murex shells were also found and these were used for producing the argaman dye which was used for the coloring the priestly vestments at that time.

In addition, a large arched building with a mosaic floor (preserved to a height of 3 metres) from the Byzantine period was also uncovered; perhaps it is part of a building complex or street associated with the nearby Church of St Mary (the Nea)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: