The Museum of the Good Samaritan

The Museum of the Good Samaritan er eit nytt museum (og det einaste spesialmuseet) som viser fram gamal mosaikk i Israel. Museet er plassert på vegen mellom Jerusalem og Jeriko, på staden som ifølgje kristen tradisjon er knytt til likninga om den miskunnsame samaritanen.

Jerusalem Post skriv om opninga, og legg vekt på at Israel opnar eit museum på ein stad knytt til kristendomen, og det inne på Vestbreidda:

“I believe that this site will become a center of pilgrimage for millions of Christians from around the world,” Misezhnikov said. (Les meir)

Opninga av museeet er omtalt av Israel Antiquities Authority (IAA) og eg syns denne omtalen er interessant av fleire grunnar. For det første fordi artikkelen (sjølvsagt) gir informasjon om det nye museet, som heilt sikkert er verdt eit besøk:

Today, 4 June 2009, the Museum of the Good Samaritan opened to the public. This is the only mosaic museum in Israel, displaying mosaics and other finds discovered in Judea, Samaria and the Gaza Strip. (…) The mosaics are divided into two groups: those on open-air display and those inside the museum building. In addition, various artifacts from different places are on exhibit.

The museum is situated within the Inn of the Good Samaritan site, which includes Second Temple-period remains such as dwelling caves, cisterns from different periods, and the reconstructed Good Samaritan Byzantine church. These remains serve to underline the importance of the site for Christians through the ages.

(Les meir og sjå bilete)

Men eg syns også artikkelen er interessant fordi den gjer eit nummer av at Jesu likning inkluderer “dei tre ulike religionane”:

This parable includes men of three different faiths: Jesus, the founder of Christianity, Jews, and a Samaritan who performs a merciful deed. Accordingly, the museum exhibits mosaics and artifacts from both Jewish and Samaritan synagogues, as well as from churches.

Ved å omtala Jesus som “grunnleggjaren av kristendomen”, plasserer IAA han trygt utanfor jødedomen. Det er for så vidt verken uventa eller unaturleg. Eg vil likevel hevda at det er meir relevant å plassera Jesus innanfor ein jødisk kontekst enn utanfor! Likninga om den miskunnsame samaritanen kan vanskeleg lesast som noko anna enn ei jødisk forteljing. Likninga handlar bl a om ein jødisk prest og ein levitt, som begge hadde viktige funksjonar i tempeltenesta i Jerusalem. Vidare handlar den om å gjera gode gjerningar, tydeleg inspirert av jødisk etikk. Forteljinga blei fortald av jøden Jesus til ein annan jødisk mann som blir omtalt som “lovkunnig”, dvs ein som hadde god kjennskap til jødisk religion.

Trass i dette vil eg likevel seia at det kanskje mest interessante ved omtalen av The Museum of the Good Samaritan, er at Israel Antiquities Authority i ein offisiell og statleg israelsk omtale, faktisk fokuserer utelukkande positivt på ein nytestamentleg tekst! Og når det er sagt, tar eg sjølvsagt med den aktuelle teksten frå Lukasevangeliet:

Jesus tok dette opp og sa: «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’ Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» «Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.» (Luk 10,30-37)

Det nye museet er altså plassert i tilknyting til The Inn of the Good Samaritan. Her er det viktig å halda hovudet klart; det Jesus fortalde var ei likning og ikkje ei historie om noko som har hendt. Dette herberget, som i vår tid tar imot pilegrimar og andre reisande, kan altså ikkje reklamera med at det var på denne staden mannen blei overfalt eller at dette var herberget der han fekk godt stell av samaritanen. Men herberget, som held til i ein tyrkisk bygning frå 1800-talet, er sjølvsagt likevel av interesse. Staden og landskapet gir utan tvil bibelforteljinga farge og liv.

(via Arutz-7 og BiblePlaces Blog)

Èitt svar til The Museum of the Good Samaritan

  1. […] The Museum of the Good Samaritan […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: