Skapinga og sabbaten

Det er ikkje mennesket som er høgdepunkt i skapinga, men sabbaten!

Denne uvanlege påstanden fekk eg med meg i dag, i eit interessant og utfordrande foredrag av Eyvind Skeie. Og han har jo rett i at det er høgtida og kvilen på den sjuande dagen som er det avsluttande høgdepunktet i skapingsberetninga i 1. Mosebok 1-2, ikkje skapinga av mennesket, slik me har lett for å tenkja.

Denne skapingsberetninga sluttar slik (her gjengitt slik den er omsett i prøveteksten til ny bibelomsetjing):

Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort. Gud velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag. For den dagen kvilte han frå heile sitt arbeid, det som Gud hadde gjort då han skapte. (1. Mos 2,2-3)

Eyvind Skeie hadde foredrag om trua på Jesus Kristus. Han tok utgangspunkt i den andre trusartikkelen og kom med mange spennande formuleringar som eg syns opna opp for kreativ tankegang i møte med dei gamle trussetningane. Utsegna om sabbaten kom i samanheng med omtalen av skapinga og “tida før tida”, der Jesus som den preeksistente Guds Son (sjølvsagt) også hadde ei rolle.

Eyvind Skeie nemnar foredraget han hadde i Stavanger i dag på bloggen sin, i innlegga Nordisk rundreise og På vei til Danmark.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: