Hansen Government Hospital

Spedalsksjukehus i Jerusalem oppkalla etter norsk forskar

Jerusalem Post hadde nyleg (06.06.2009) ein artikkel om ein gamal bygning som ein gong var sjukehus for spedalske i Jerusalem. Huset blei oppført i 1887 og blei kalla Hansen Government Hospital etter nordmannen Armauer Hansen (1841-1912) som var ein viktig forskar på lepra (spedalsksjuke).

Avisartikkelen er interessant av fleire grunnar. I tillegg til informasjonen om bygningen med tilknyting til Armauer Hansen, skriv avisa om spedalsksjuke i Bibelen, dvs i GT.

Her er eit utdrag frå artikkelen From biblical curse to cultural blessing:

One could have lived in Jerusalem for decades and never set foot in the mysterious yet majestic 122-year-old building opposite the Jerusalem Theater, two staircases down from 9 Rehov Marcus. Most of those who have heard of it call it the “Lepers’ Hospital,” but the name preferred by those who have worked there is Hansen Government Hospital.

(…)

Over the many decades since 1887, it has housed and treated around 600 victims of Hansen’s disease, named for Norwegian researcher Dr. Gerhard Henrik Armeur Hansen after he discovered in 1883 that leprosy is caused by a bacterium called Mycobacterium leprae.

(…)

THE LEPROSY (tzara’at in Hebrew) mentioned 55 times in the Bible that has terrified humanity since ancient times gave Hansen’s disease a bad rap. Dermatologists say the condition that struck Miriam for speaking against her brother Moses (for marrying a Cushite woman), Naaman (in Kings II) and King Uziah (in Chronicles II) was a disease that turned their skin (and even hair) white; this symptom is connected to vitiligo – an autoimmune condition in which skin pigments are destroyed. In the Bible, this illness was regarded as divine punishment for “evil talk” and other sins. It is also described as afflicting the walls of buildings, leather garments and other clothing.

(Les meir)

Spedalske menneske spelar sjølvsagt også ei rolle i NT, sjølv om det er utanfor horisonten til Jerusalem Post. Dei synoptiske evangelia har fleire avsnitt der sjukdomen (gr: lépra) er nemnt, blant anna i Matt 8,1 ff; Mark 1,40 ff; Luk 17,11 ff. Desse tekstane fortel at reinsing av spedalske var ein del av Jesu helbredande gjerning. Sjå også kva bodskap han sendte til Døyparen Johannes som sat i fengsel og som undra seg på om Jesus var “den som skulle koma”:

«Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.»  (Matt 11,5)

(via PaleoJudaica)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: