Pavens program i Midt-Austen

09/05/2009

8.-15. mai 2009

Pave Benedict er for tida på offisielt besøk i Jordan, Israel og dei palestinske områda. Dette er ei viktig reise som eg håper kan gje positive ringverknadar for den kristne minoriteten i desse landa og for forholdet mellom religionane som har røter her.

Pavebesøket i Midt-Austen starta i går då han kom til Amman. I dag har han bl a vore på Nebofjellet der Moses i følgje 5. Mosebok fekk sjå inn i det lova landet før han døydde (5. Mos 34,1-8), han har lagt ned grunnstein for eit katolsk universitet i Madaba og hatt samtalar med muslimske leiarar i Amman.

Her er nokre høgdepunkt frå paven sitt program dei komane dagane:

Søndag 10.05: Feiring av messe på stadion i Amman. Grunnsteins-nedlegging for to kyrkjer i Betania på den andre sida av Jordan.

Måndag 11.05: Paven kjem til Israel. Han landar på flyplassen i Tel Aviv og reiser vidare til Jerusalem. Besøk hos den israelske presidenten. Besøk i Yad Vashem. Møte med organisasjonar som er engasjert i religionsdialog.

Tysdag 12.05: Denne dagen skal han ha offisielle visittar hos religiøse leiarar. Først besøk hos Stormuftien, den muslimske leiaren i Jerusalem. Dette besøket skal vera på tempelplassen! Deretter besøk hos dei to sjefsrabbinarane i Jerusalem. Bøn i Øvresalen på Sionsfjellet. Deretter feirar paven messe i Kedrondalen.

Onsdag 13.05: Besøk i Betlehem, bl a med messe på Krybbeplassen framfor Fødselskyrkja og besøk i flyktiningeleiren Al Aida.

Torsdag 14.05: Besøk i Nasaret, bl a med messe, møte med religiøse leiarar i Galilea og vesper i det øvre kyrkjerommet i Bodskapskyrkja («Bebudelseskirken»).

Sjå meir detaljert program her.

Sjå elles Den katolske kyrkja i Norge si samleside om reisa, med mange lenker vidare.

Advertisements

Smånytt frå Israel

05/05/2009

Jerusalem blir ofte kalla Jerusalem of Gold. Nå ønskjer byen å bli grøn:

Jerusalem of Gold will «go green» over the next 20 years in the first municipal plan for the city has since 1959. The six-point proposal, to be presented Tuesday to the Interior Ministry’s Jerusalem District Planning and Construction Committee by Mayor Nir Barkat, will focus on «greening» the city, and «green construction.» (Les meir)

Nivået på Dødehavet går som tidlegare meldt nedover, bokstavleg tala. Her er oppdaterte opplysningar frå april 2009:

The government’s hydrological service announced on Tuesday that the level of the Dead Sea remained stable in April. The water level was measured at 422.22 meters (1,385 feet) below sea level, 1.11 meters lower than in April 2008. (Les meir)


Biblical Studies Carnival 41

04/05/2009

Biblical Studies Carnival 41 er nyleg publisert av James F. McGrath på bloggen Exploring Our Matrix. Han har dessutan skrive eit supplement med meir stoff.

Biblical Studies Carnival er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i den siste månaden.


2 % kristne i Jerusalem

03/05/2009

Det er i dag faktisk bare 14.000 kristne innbyggjarar i Jerusalem, det vil seia 2 % av befolkninga. Av desse er 4.500 katolikkar og 3.500 gresk-ortodokse.  Av dei 14.000 er det 2.600 munkar, nonner og prestar.

Talet på kristne har minka drastisk frå 1946, då den kristne befolkninga utgjorde 20 % av innbyggjarane.

Dette kjem fram i ei israelsk undersøking i samband med det foreståande pavebesøket og det er IsraelNationalNews som meldar dette i dag:

On the eve of Pope Benedict 16’s upcoming visit to Israel, an Israeli research group says that the number of Christians living in Jerusalem has shrunk to 14,000, down from 31,000 at the end of the British Mandate – only 2 percent of the city’s population, and far fewer than the 20 percent it constituted in 1946. As such, Jerusalem is following a pattern which has been taking place in other cities as well: once-large Christian communities see their numbers dwindle, as Christian Arabs emigrate or move and are replaced by Muslims. (Les meir)

I dette statistiske materialet er truleg ikkje dei messianske jødane med.


Rachel Elior svarer Vermes

02/05/2009

Rachel Elior svarer i dag på kritikken frå Geza Vermes vedrørande hennar teoriar om essenarane og Dødehavsrullane. Innlegget kan lesast her.

Oppdatering 04.05.2009: Og her svarer Vermes på eit av punkta i Elior sin kritikk!


Fem bitar av Dødehavsrullane

02/05/2009

Dagbladet hadde for ei tid sidan ein artikkel om den norske samlaren Martin Schøyen som har kjøpt fem «nye» fragment av Dødehavsrullane. Magasinartikkelen inneheld naturleg nok ikkje særleg stoff om dette kjøpet, – Schøyen er ikkje den som uttalar seg til media. Men artikkelen er interessant, fordi Dagbladet denne gongen skreiv relativt mykje om Dødehavsrullane, blant anna i form av kvalifiserte kommentarar frå den norske forskaren Torleif Elgvin.

Les gjerne artikkelen Har kjøpt fem nye biter av Dødehavsrullene.

(via qumran.no)


Nattverdssalen på Sionshøgda

01/05/2009

nattverdssalen1Det er mange kompliserte spørsmål knytt til dei såkalla heilage stadane i Jerusalem. Alt ligg så tett og stadane har tilknyting til ulike religionar. Det viser seg svært vanskeleg å finna gode og rause løysingar på slike spørsmål.

Ein av dei stadane der religionane sine heilage stadar ligg tett på kvarandre, er Sionshøgda like sør for Gamlebyen. Ein interessant bygning frå korsfarartida inneheld her både den kristne Nattverdssalen / Øvresalen (The Cenacle) og den jødiske Kong Davids grav. Biletet viser litt av Nattverdssalen.

I går (30.04.2009) var det forhandlingar mellom Vatikanet og representantar for staten Israel om retten til å disponera denne staden. Møtet i går var bare eitt av mange møte i langvarige og vanskelege forhandlingar mellom Israel og Vatikanet om ulike kyrkjelege eigedomar og stadar i Israel.

Vatikanet skal ha uttrykt sitt ønske slik i 2005:

«The State of Israel hands over to the Holy See the use of the Cenacle [the Last Supper room], of the access path to it, and of the spaces adjacent to it… It is the Holy See’s intention to inform the Bishops – and through them the world’s Priests – that the Catholic Church has been given the use of the Cenacle, inviting them to visit the Holy Place together with their faithful… The Holy See hands over this use of the Cenacle to the Custody of the Holy Land [which acts on behalf of the Holy See]… [which] will keep the Cenacle open from 6 AM to 8 AM for the celebration of the Holy Mass… Official liturgical celebrations of non-Catholic Churches can take place only upon prior written permission by the Custody of the Holy Land.»

Det er ikkje nokon teikn til at Israel har planar om å oppfylla dette ønsket. Situasjonen er som nemnt at Nattverdssalen ligg i andre etasje i eit historisk bygg som også huser Kong Davids grav, ein av dei viktigaste heilag stadane i jødedommen! Heile bygningen er under israelsk herredøme. Nattverdssalen står open for kristne som kjem dit, – eg har vore der mange gonger. Men det vakre rommet er dessverre tomt og utan nokon form for kyrkjeleg innhald eller personell.

Her kan du lesa heile meldinga No Mt. Zion Deal om forhandlingane, sendt ut av IsraelNationalNews.

Den aktuelle bygningen på Sionshøgda har ein viktig posisjon i kristen tradisjon. Staden blir tradisjonelt knytt både til innstiftinga av nattverden og til pinseunderet. Og ikkje nok med det; arkeologen Bargil Pixner argumenterte for at dei eldste murane stammer frå ein synagoge som blei nytta av apostlane og dei første kristne i Jerusalem! Dette kan du lesa meir om i hans artikkel Church of the Apostles found on Mt. Zion. Det skal rett nok seiast at dette ikkje er ein alment anerkjent teori. Det som er sikkert er at bygningen som huser både Davids grav og Nattverdssalen, er frå korsfarartida. Men dei eldste murane er opplagt mykje eldre!


%d bloggarar likar dette: