Paulus om ein ny fødsel

logo_anno_paolino“Å bli født på ny” er eit av dei mange uttrykka som blir brukt i samband med å bli kristen. Ulike kristne kyrkjesamfunn vil nok bruka dette uttrykket på litt ulik måte i forkynninga. Eg høyrer til i Den norske kyrkja som er eit evangelisk-luthersk trussamfunn, og me knyter dette uttrykket til den grunnleggjande handlinga som Gud gjer med eit menneske gjennom dåpen, anten det skjer i barnedåp eller i vaksendåp.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Me har nå kome til Paulus’ brev til Titus. Maisitatet er henta frå Tit 3, der den nye fødselen blir knytt til dåpen (som her blir kalla eit bad):

Han frelste oss,
ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar,
men fordi han er miskunnsam.
Han frelste oss
ved det badet som gjenføder
og fornyar ved Den heilage ande,
som han så rikeleg har aust ut over oss
ved Jesus Kristus, vår frelsar,
så vi ved hans nåde skulle stå rettferdige for Gud
og bli arvingar til det evige livet, det som er vår von.

(Tit 3,5-7)

Uttrykket “det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande” viser til dåpen. Den greske grunnteksten nyttar her substantivet paliggenesia som betyr “ny fødsel”. Dette ordet blir elles i NT bare nytta i Matt 19,28, der det handlar om at verda ein gong skal fødast på nytt. Ordet er elles godt kjent i annan greskspråkleg litteratur.

Sjølv om ordet paliggenesia ikkje er nytta om enkeltmenneske elles i NT, er ikkje Paulus åleine om denne tankegangen. Me finn også formuleringar om ein ny fødsel til eit liv i tru i Johannesevangeliet (3,3-8) og i 1. Peters brev (1, 3 og 23), men her er det nytta andre ord og uttrykk.

Tidlegare sitat:

2 svar til Paulus om ein ny fødsel

  1. […] 09: Tit 3,5-7 om ein ny […]

  2. […] 09: Tit 3,5-7 om ein ny […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: