Nattverdssalen på Sionshøgda

nattverdssalen1Det er mange kompliserte spørsmål knytt til dei såkalla heilage stadane i Jerusalem. Alt ligg så tett og stadane har tilknyting til ulike religionar. Det viser seg svært vanskeleg å finna gode og rause løysingar på slike spørsmål.

Ein av dei stadane der religionane sine heilage stadar ligg tett på kvarandre, er Sionshøgda like sør for Gamlebyen. Ein interessant bygning frå korsfarartida inneheld her både den kristne Nattverdssalen / Øvresalen (The Cenacle) og den jødiske Kong Davids grav. Biletet viser litt av Nattverdssalen.

I går var det forhandlingar mellom Vatikanet og representantar for staten Israel om retten til å disponera denne staden. Møtet i går var bare eitt av mange møte i langvarige og vanskelege forhandlingar mellom Israel og Vatikanet om ulike kyrkjelege eigedomar og stadar i Israel.

Vatikanet skal ha uttrykt sitt ønske slik i 2005:

“The State of Israel hands over to the Holy See the use of the Cenacle [the Last Supper room], of the access path to it, and of the spaces adjacent to it… It is the Holy See’s intention to inform the Bishops – and through them the world’s Priests – that the Catholic Church has been given the use of the Cenacle, inviting them to visit the Holy Place together with their faithful… The Holy See hands over this use of the Cenacle to the Custody of the Holy Land [which acts on behalf of the Holy See]… [which] will keep the Cenacle open from 6 AM to 8 AM for the celebration of the Holy Mass… Official liturgical celebrations of non-Catholic Churches can take place only upon prior written permission by the Custody of the Holy Land.”

Det er ikkje nokon teikn til at Israel har planar om å oppfylla dette ønsket. Situasjonen er som nemnt at Nattverdssalen ligg i andre etasje i eit historisk bygg som også huser Kong Davids grav, ein av dei viktigaste heilag stadane i jødedommen! Heile bygningen er under israelsk herredøme. Nattverdssalen står open for kristne som kjem dit, – eg har vore der mange gonger. Men det vakre rommet er dessverre tomt og utan nokon form for kyrkjeleg innhald eller personell.

Her kan du lesa heile meldinga No Mt. Zion Deal om forhandlingane, sendt ut av IsraelNationalNews.

Den aktuelle bygningen på Sionshøgda har ein viktig posisjon i kristen tradisjon. Staden blir tradisjonelt knytt både til innstiftinga av nattverden og til pinseunderet. Og ikkje nok med det; arkeologen Bargil Pixner argumenterte for at dei eldste murane stammer frå ein synagoge som blei nytta av apostlane og dei første kristne i Jerusalem! Dette kan du lesa meir om i hans artikkel Church of the Apostles found on Mt. Zion. Det skal rett nok seiast at dette ikkje er ein alment anerkjent teori. Det som er sikkert er at bygningen som huser både Davids grav og Nattverdssalen, er frå korsfarartida. Men dei eldste murane er opplagt mykje eldre!

Èitt svar til Nattverdssalen på Sionshøgda

  1. […] har tidlegare skrive om Nattverdssalen på Sionhøgda i Jerusalem, ein av dei stadane som verkeleg skapar […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: