Jesus lever!

Med denne enkle, men grunnleggjande vedkjenninga ønskjer eg alle lesarar av bloggen God påske!

Her er evangeliet for påskedagen:

Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skund dykk av stad og sei til disiplane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til disiplane. (Matt 28,1-8)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: