Apostelen Mattias

Notat til dagens tekst: Apgj 1,15-26

I første kapittel av Apostelgjerningane står historia om då Mattias blei valt til apostel som erstatning for Judas Iskariot.

I dag (24. februar) er det Mattismesse etter gamal kalender og namnedag for dei som heiter Mattias og Mathias.

Dette veit me ut frå bibelteksten om apostelen Mattias:

  • Han var ein jøde som trudde på Jesus, altså det me i dag ville ha kalla ein messiansk jøde. På dette tidspunktet gjaldt det alle dei som tilhøyrde urkyrkja, det første Jesustruande fellesskapet. Den første ikkje-jøden som blei døypt, møter me først i Apgj 10.
  • Han hadde vore saman med Jesus og disiplane heilt frå den gong Jesus blei døypt i Jordan og til himmelfarten. Kanskje han var ein av dei 72 disiplane i den utvida disippelflokken (Luk 10,1)? Evangelia gjev fleire gonger inntrykk av at det var mange saman med Jesus og dei tolv, men oppgjev sjeldan namn. Mattias er altså ein av dei mange som har gått namnlaus gjennom alle historiene i evangelia.
  • Han blei etter Kristi himmelfart valt til apostel som erstatning for Judas Iskariot, og blei etter dette rekna som apostel saman med dei elleve.

Då Mattias blei apostel, var det Peter som leia utvelginga. Det var 120 menneske samla (v 15). I denne forsamlinga var det “nokre menn” som fylte kriteria (v 21-22) og av desse blei to kalla fram: Josef Barsabbas og Mattias (v 23). Mattias blei valt ved loddkasting. For oss kan det verka merkeleg ved eit så viktig val, men bibelteksten viser oss at det i denne forsamlinga var eit naturleg middel til å avgjera kva som var rett eller i samsvar med Guds vilje, i tråd med gamaltestamentleg tradisjon (jfr historia om då Saul blei konge, 1. Sam 10,20-24).

Den katolske kyrkja har ein helgenbiografi som inneheld mykje tradisjonsstoff om Mattias her.

Èitt svar til Apostelen Mattias

  1. […] meir om Apostelen Mattias. Share this:FacebookLik dette:LikVer den første til å like dette […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: