Klagemuren / Vestmuren

Oppdatering: Sjå også det nyare notatet Vestmuren. Jerusalems 10 på topp #3.

tempelplassen-januar-09I programmet for Israelsturen som Inger og eg skal vera reiseleiarar for i oktober (2009), står det slik om ein av dagane:

Me begynner dagen ved den berømte Klagemuren / Vestmuren, som i dag er den mest heilage staden for jødane i Jerusalem. Plassen framfor Klagemuren fungerer i dag som ein friluftssynagoge, der det alltid er jødar samla i bøn. Her får me også eit inntrykk av tempelplassen og restane av murane rundt tempelet frå Jesu tid. Dersom det er mogleg, tar me også turen opp på tempelplassen.

Biletet, som Inger tok for tre veker sidan, viser det aktuelle området. Klagemuren ligg bak gangbrua som fører opp til tempelplassen. Den blå Klippedomen med gullkuppel er den vakre muslimske heilagdomen (frå rundt år 690) som nå står der tempelet stod på Jesu tid. Biletet viser kor små avstandar det er mellom desse heilagstadane.

Det er ulike måtar å omtala denne muren på. Eg er vant med å bruka Klagemuren, men vekslar nok av og til også med å bruka Vestmuren.

Det hebraiske namnet er HaKotel HaMa’aravi ( הכותל המערבי ) eller bare HaKotel, med trykk på siste staving.

På engelsk brukar ein i Israel The Western Wall. Dette er eit namn som viser til at muren er ein del av dei gamle murane rundt tempelplassen frå kong Herodes si tid. Klagemuren er eit namn som blir brukt av ikkje-jødar. Namnet blei visstnok introdusert av britane i 1917 (The Wailing Wall, som også kunne vore omsett Gråtemuren på norsk).

En utbredt misforståelse – og opprinnelsen til betegnelsen «klagemuren» – er at disse bønnene er sorgfulle påminnelser om tempelets ødeleggelse. I den utstrekning at bønner refererer til dette bestemte stedet, har det sammenheng med et ønske om en messiansk tid der det blir fred og tempelet bygges igjen. (Wikipedia)

Den som kjenner forholda i Gamlebyen i Jerusalem, veit at dette er ein stad med ei heilt spesiell tyding for jødane. Samtidig er det ein svært krevjande stad med tanke på å få til fred mellom religionar og folkegrupper. Wikipedia-sitatet ovanfor viser det til fulle; her blir den messianske tid, som i følgje jødisk tru ennå ikkje har kome, knytt til tanken om å gjenreisa tempelet på tempelplassen.

Eg har høyrt at ein i diplomatiske kretsar vil vera forsiktig med å nytta namnet Vestmuren. Dette fordi det knyter så sterke band til det historiske faktum at jødane sitt tempel i bibelsk tid stod på tempelhøgda (noko som fleire muslimske miljø utruleg nok prøvar å fornekta), men også fordi det implisitt i namnet kan liggja ein tanke om at Israel skal ha heile den vestre muren rundt tempelplassen. Det meste av “vestveggen” går i dag gjennom det muslimske kvarteret i Gamlebyen. Dersom ein skal følgja ein slik tankegang, vil Klagemuren vera eit meir forsiktig uttrykk i den politiske situasjonen.

Dette er, som de forstår, komplisert. Til alt overmål har eg dei siste dagane blitt merksam på at også omtalen av muren som “den mest heilage staden”, kan vera kontroversiell. Det viser seg at ein i nokre  jødiske miljø vil seia at det bare er sjølve tempelberget, der tempelet stod, som kan kallast den mest heilage staden i jødedomen. BBC har faktisk nyleg måtta orsaka seg etter ein tilsvarande omtale som den me har stått for i turprogrammet, sjå her.

Sidan eg i dette notatet har nemnt tanken om ei gjenoppbygging av det jødiske tempelet på tempelplassen, vil eg presisera kva eg sjølv står for her. Det finst ultraortodokse jødiske retningar som arbeider for å gjenreisa tempelet. Ein omtalar då dette som “det tredje tempelet”. Dessverre er det kristne som støttar denne tanken. Eg meiner det bør vera uaktuelt for kristne å støtta eit slikt prosjekt, både av politiske og teologiske grunnar.

(Notatet er oppdatert 24.02.2009)

3 svar til Klagemuren / Vestmuren

  1. […] Klagemuren / Vestmuren […]

  2. […] Sjå også: Vestmuren / Klagemuren […]

  3. […] Klagemuren / Vestmuren […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: